Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Sandvika - Eltraneset

Om turen

Gradering

Kommune

Sula

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Sandvika - Eltraneset

Fotograf: Tor Raymond Eriksen

Kvifor gå denne turen?

Praktfullt utsyn mot Hessa, Godøya og utover havet (Breisundet).
Sjå spora etter middelalderbustader og gamle busetjingar.

Kvar i terrenget går turen?

Godt tråkka rås som følger Sula utover langs fjøra mot Eltraneset. Stort sett i flatt terreng, men nokre små motbakkar er det på turen.
Råsa startar på parkeringsplassen ytterst i Langevåg ved Sandvika. Turen går så vidare på traktorveg dei første par kilometrane, før det går over til sti.
Første del av stien går i vått myrterreng. Her er det tidvis plankebruer å tråkke på. Lengre ute blir stien tørrare.

Kulturminne

Kulturlandskapet Kjellingset-Flesje-Kalvestad vest forbi Langevåg er eit større kulturlandskap med mange fornminne. På den smale strandlina ligg mange hustufter og gravrøyser. Dei synlege tuftane er frå middelalderen, men funn av leirskår fortel at det har stått hus på same staden i folkevandringstida (400-600 e.Kr.).
I nyare tid var her tre gardsbruk og du finn murar litt lenger aust. Her er og mange rydningsrøyser og mest sannsynleg også fleire gravrøyser.
Kulturlandskapet har i fleire år vorte held i hevd av villsau, såkalla utegangarar.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Sandvika ved bommen, heilt ytterst i Langevåg. Du kjem til Sandvika ved å følgje hovudvegen til Langevågen til endes. (Veddevegen FV657 går over i Molværsvegen som går over til Sandvikvegen)

Kvar endar turen?

Eltraneset

Kvar kan du parkere?

Sandvika ved Bommen

Rute på kart

Underlag Lengde i km

Mobildekning

Ja