Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Sandvikdalen - Turveg frå Sørbrandal til Sandvika

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur
Skitur
Sykkeltur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

7,6

Lengde en vei (km)

3,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Mot Stadt
Sandvikvatnet
Utsikt innover Rovdefjorden ein fin vinterdag
Parti frå vegen over Sandvikdalen

Sandvikdalen - Turveg frå Sørbrandal til Sandvika

Fotograf: Rune Halsen

Kvifor gå denne turen?

Denne turen er lett tigjengeleg for alle. Du kan køyre rullestol, jogge, gå eller sykle, og om vinteren er det fint å gå på ski her.
På Sørbrandal- sida har du flott utsikt innover Rovdefjorden og til Sunnmørsalpane. Kjem du over toppen på vegen, så er det storslagen utsikt til Vanylvsgapet og Stadtlandet.
Turvegen fyl elva frå Sandvikvatnet på delar av strekninga, og er du heldig kan du sjå hjort som kryssar dalen, eller ørn som sirklar over.

Kvar i terrenget går turen?

I Sørbrandal tek du bilvegen oppover bakkane ved forsamlingshuset på vestsida av elva. Køyr til enden av asfaltert veg og parker der. Du kan også parkere nede i bygda ved brua som går over elva.
Turen startar i slakt terreng. Etter kvart noko stigning med flatare parti innimellom. Det er brei grusveg heile strekninga. Det er mange rasteplassar med bord og benkar undervegs.
Kjem du frå Hakallestranda, køyrer du av hovudvegen i Hola. Her er det skilta mot Sandvikdalen. Du køyrer til parkeringsplassen i Sandvikdalen 240 m.o.h. (her kan du også gå til Nystøylhornet) Turvegen startar ved enden av parkeringsplassen. Det er bomveg siste delen.

Kulturminne

Omkring høgste punktet på vegen, på Dalebøen var det ein gard i gamle dagar. Murane er no heilt forsvunne i granskogen på oppsida av vegen. I Sandvikvatnet ser du øya St.Helena. Her var det ei hytte som tilhøyrde Rønnebergslekta på Larsnes. Berre murane står att no.

Tilgjengeleg med rullestol

Ja

Kvar kan du parkere?

På Hakallestrandsida køyrer du opp Sandvikdalen til parkeringsplassen før bommen. (Bomavgift 30kr)
I Sørbrandal køyrer du opp ved forsamlingshuset. Parkering etter ca. 800m

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 3.6
Lengde tur/retur (km) 7,6
Lengde en vei (km) 3,6
Stigning meter grader
Total stigning 220 Høydemeter

Mobildekning

Mobildekning under heile turen.

Spesielle forhold

Turen kan gjerast med elektrisk rullestol. Med manuell rullestol vil ein trenge ein ledsagar i god form. Litt laus grus nokon stader.

Kart

Turkart for Vanylven. Kan kjøpast på butikkar i kommunen.