Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Område

Sunnmørsalpene

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XXXX Svart

Lengde tur/retur (km)

7,2

Lengde en vei (km)

3,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Saudehornet midt i bildet over Ørsta sentrum.
Råsa tek av frå Skålavegen rett bak ventilhus nr 3.
Utsikt mot Vallahornet og Ørsta.
Utsikt mot aust, Molladalstindane til venstre, Vassdalstinden, Kolåstinden og Råna i midten,Slogen og Grøtdalstindane til høgre.
Utsikt mot nordvest, Liadalsnipa til venstre, Liahornet og Grøthornet i midten, Bergehornet til høgre.
Utsikt mot nord, toppen på Saudehornet til venstre, Levandehornet, Hjørungavåg og Godøya midt i bildet, Sula til høgre på bildet.

Saudehornet

Kvifor gå denne turen?

Saudehornet er høgste toppen på fjellmassivet nord for Ørsta. Frå Saudehornet har du god utsikt i alle retningar, mot aust ser du alle dei høgste toppane i Sunnmørsalpane. Du ser også omtrent alt som er av fjell mot sør også, og mot nord og vest ser du ut mot øyane og havet. Første helga i august vert motbakkeløpet Saudehornet Rett Opp arrangert, det har start ved småbåthamna i Ørsta og går heilt til toppen, 5,5 km og 1300 hm. Turbeskrivelsen her går frå vatnbehandlingsanlegget i Vikegeila, då vert turen opp 3,6 km og 1150 hm.

Kvar i terrenget går turen?

Start ved Vikegeila vatnbehandlingsanlegg og gå Skålavegen ca 1 km til den svingar til venstre ved 3. ventilhus, råsa startar bak ventilhuset og går mot nord og kryssar elva, går vidare mot nordaust etter ryggen og kjem opp på kanten på lavaste punktet mellom Vallahornet og Saudehornet. Herifrå går råsa rett mot nord og går etter kanten beint mot toppen. Det kan følast litt bratt og luftigt på det siste stykket mot toppen då der er bratt utføre på austsida av råsa. Der er også eit parti på ca 50 m der det er ei helling på 45 grader når du er nesten komen opp. På toppen er der svært bratt utføre på nord og austsida.

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå rundkøyringa på E39 i Ørsta sentrum køyrer du Ivar Aasengata (E39) mot nordvest ca 450m og tek til høgre opp Garvargata ca 250 m og tek til høgre Håkonsgata ca 50 m og tek til venstre opp Vikegeila og køyrer den til vegs ende (ca 700 m ) og parkerer ved Vikegeila vatnbehandlingsanlegg.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass ved Vikegeila vatnbehandlingsanlegg.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Løs grus 2
God sti 5,2
Lengde tur/retur (km) 7,2
Lengde en vei (km) 3,6
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 50 45
Bratteste helning ned 50 45
Total stigning 1150 Høydemeter

Offentlig transport

frammr.no

Spesielle forhold

Løyperekordar Saudehornet Rett Opp (2017)
Menn: Jon Tvedt 47.59. (2007)
Kvinner: Anita Håkenstad Evertsen 55.52. (2005)

Kart

Sunnmørsalpane, M711 1119 II, norgeskart.no