Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

3,6 km

Lengde en vei (km)

1,8 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Turbok er plassert ved dei gamle murane.
Skipedalen
Utsikt mot Sledalen
Kart over området.
Lisje Skipedalsvatn. Store Skipedalsvatn ligg rett bak på neste høgd.Bør vere tørt når ein går dit.

Skipedalen

Fotograf: Even Kåre Holte

Kvifor gå denne turen?

Fin tur opp til idylliske Lisje Skipedalvatn. Her i frå er det mogleg å gå vidare til Store Skipedalsvatn ( 758 m.o. h ), Eggjadalen ( 801 m.o.h ) eller Middagshornet (1219 m.o.h ), men dit er det ikkje merka.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar ved gamlevegen på Skjåstadeidet. Her står skilt, og det er merka med raudmala pinnar i bakken i ope eller myrlendt terreng, og raude pinnar i trea i skogen. Bra tydeleg sti som går på høgre sida av Skipedalselva heile vegen opp.

Kulturminne

Gamle murar etter tidlegare støl ved Lisje Skipedalsvatn

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar ved gamlevegen mellom Skjåstad og Bueide. Dersom du kjem frå Kalvatn / Kvivsvegen mot Skjåstad, så svingar du til høgre inn på gamlevegen nokre hundre meter framom Skjåstad. Ver obs på at avkøyringa kjem brått på i ein sving. Køyr ca. 300 meter på gamlevegen og parker ved sidan av vegen. Pass på å ikkje parker til ulempe for hytteeigarane.

Kvar endar turen?

Litle Skipedalsvatn.

Kvar kan du parkere?

Parkering ved sida av gamlevegen framom Skjåstad.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 1,2
Natur 0,5
Myr 0,1
Lengde tur/retur (km) 3,6 km
Lengde en vei (km) 1,8 km
Stigning meter grader
Total stigning 450 Høydemeter

Mobildekning

Mobildekning i nederste del av stien, men ikkje dekning oppe i dalen.