Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Vestnes

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

ca. 2.8 km

Lengde en vei (km)

1.4 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Skorgenessetra med postkassen
Parkeringslommen ved E39 med skiltet "Skorgenessetra"

Skorgenessetra

Fotograf: Steinar Kjersme

Kvifor gå denne turen?

Ein ganske lett fottur, som passar heile familien. Utsikt ned mot Tresfjorden i øst, og ei flotte fjellrekka på Daugstad i bakgrunnen. Ein kikk mot nord, så dukker heile Tresfjordbrua opp og Molde skimtast bak. Ein kan fortsette turen på merka sti til Vardfjellet (705 m), ca. 45 min. Den spreke kan til og med fortsette forbi Remmemsvatnet og opp på Remmemstinden (1090 m), ca. 2.5 timer ein veg fra Vardhaugen. Men belønninga er også stor om været er fint.

Kvar i terrenget går turen?

Du startar nede ved E39 der det står eit skilt med teksten "Skorgenessetra" og "Vardfjellet". Du går mot nord (høgre) 30-40 m og så svingar stien opp gjennom skogen. Stein går i open skog først, men skogen blir tettare etter som stien begynner å bli brattare. Du går over ei lita elv og ser snart den første hytta på setra. Stien deler seg i blant nokre titalls meter, men kjem saman igjen. Ein kan innimellom finne raude merker på greiner langs ruta. 
Ingen vanskelege parti eller vegkryss.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar på vestsida av vegen, omtrent 400 m fra krysset på Kjelbotn mot Vestnes.

Kvar kan du parkere?

Grunneigar ønsker at det ikkje vert parkert på lunneplassen ved turstart. Nytt stort parkeringsareal er under oppbygging i det nye Skorgen-krysset (E39/E136). Inntil vidare er det god plass til å parkere bilar på den no avstengte (tidligare riksvegen - E136) på Kjelbotn. Den ligg like ved turstart. Frå vestnes: Kjøyr ned via E136 mot Tresfjord. Ta av før Skoregnebrua opp til høgre igjen - opp til endes - “Heggelikleiva” mot Kjelbotn. Her er det masse god parkeringsplass på den no avstengde - tidl. europavegen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 100
God sti 1000
Dårlig sti 300
Lengde tur/retur (km) ca. 2.8 km
Lengde en vei (km) 1.4 km
Stigning meter grader
Total stigning 240 Høydemeter

Mobildekning

ok

Kart

Ørskogfjellet-turkart 1:50.000, turkart for området rundt Tresfjorden 1:40.000