Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Slette og Brudesløret i Eikesdal

Om turen

Gradering

Kommune

Nesset

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

6

Lengde en vei (km)

3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå Finnset følgjer du denne idylliske vegen.
Etter kvart får du auge på Brudesløret.
Per-Nilse spranget og det gamle bru-karet ved elva Aura.
Brudesløret eller Slettabekken er eit vakkert syn om våren.
Gapahuken på Slette
Her, inst inne på Finnset i Eikesdal ligger Slette og Brudesløret. Du ser traktorvegen du følgjer inn flate dalen frå venstre side.

Slette og Brudesløret i Eikesdal

Fotograf: Bjørn Magne Øverås

Kvifor gå denne turen?

Du er inst inne i Eikesdal på Finnset. Her opplever du eit kulturlandskap langs ein idyllisk traktorveg i ein trang dal med steile fjellveggar.
Om våren og tidleg sommar brusar elva forbi og fossane kastar seg brølande utfor i ville kvite kast.
Fossen Brudesløret er fantastisk. Rett under den ligger ein gapahuk.

Kvar i terrenget går turen?

Du starter frå Finnset i Eikesdal, i enden av Fv 191. Frå parkeringsplassen utanfor gardstunet følger du traktorvegen innover den trange dalen. Passerer eit bolighus på venstre hand og deretter gjennom ei grind. Husk å lukke den etter passering. Du følgjer denne flate og idylliske vegen heilt fram til Slette og gapahuken under fossen Brudesløret. Berre avbrote av nokre få mindre bakkar.
Tidleg på våren og sommaren beiter det sau i området.
Vegen går også forbi gigantiske store steinblokker. Ligger som tause vitner og bevis på naturkreftene her inne. Nokon eldgamle. Andre av nyare dato. Dei siste store steinblokkene du passerer kom i 2016-2017.
Du ser gapahuken rett under den flotte fossen Brudesløret.
Du kan også bruke sykkel inn til Slette.

Kulturminne

Heile området frå Finnset og innover mot Aurstupet er eit kulturlandskap med rik flora og fauna.
Aurstupet er ein skjult foss inneklemt inst inne i dalen og er ein del av elva Aura. Som følgje av Aura-utbygginga på 1950-tallet (kraftutbygging) er elva tørrlagt det meste av året.
Etter ca 2,4 km ved ein bratt bakke opp er du i Hissura. Her ved elva er det to gamle bru-kar. Segna fortel at ein fredelaus mann som heitte Per-Nils skal ha hoppa over elva her for å sleppe unna «mannhysingen» som var etter han. Derfor har staden fått namnet Per-Nilse spranget.
Brua som før stod her vart bygd for for at folk og krøter skulle kunne utnytte naturresursane på andre sia av elva. (Ref. «Til Eikesdalen» av Bjørn Austigard 1991)

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Du køyrer til Eresfjord via Rv 660 og vidare langs Eikesdalsvatnet Fv 191 til Eikesdal og heilt opp til Finnset, inst inne i Eikesdalen. Ta til venstre over brua på Finnset og vidare rett forbi gardshusa. Der er det parkeringsplass.

Kvar kan du parkere?

Ved gardstunet på Finnset.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 3
Lengde tur/retur (km) 6
Lengde en vei (km) 3
Stigning meter grader
Total stigning 185 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Mobildekning

Nei

Kart

Norge-serien 10078 Sunndalsøra