Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Snøhornet (Austefjord)

Om turen

Gradering

Område

Søre Sunnmøre

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

10,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Ur siste 200 høgdemeterane
Gå denne vegen til endes
Gå rundt denne kollen
Flott utsikt - Austefjorden
Volda i det fjerne
Toppen

Snøhornet (Austefjord)

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Snøhornet ligg mellom Austefjorden og Aldalen. Dette er ein variert tur med fantastisk flott utsikt.

Kvar i terrenget går turen?

Frå parkeringsplassen går det sti opp til ein skogsveg. Følg skogsvegen til endes. Herifrå går stien over eit litt vått område og opp ei li. Når du har forsert denne, svingar stien til høgre og går rundt ein kolle. Følg stien vidare opp ei kort "kneik". Du kjem opp i fin fururskog der du har utsikt mot Austefjorden. Når du har passert denne skogen, skal du gå på nordsida av fjellet. Stien dreiar etterkvart opp på ryggen som du skal følge vidare. I 920 meters høgde (N62° 06.196' E6° 15.258') deler stien seg. Du kan velge om du vil gå over Keipen, eller om du vil følge ei vardemerka rute på nordsida av Keipen. Turen over Keipen gir beste utsikta, og det er liten skilnad i lengde. Begge rutene er logga i denne turomtalen.
Siste 200 høgdemetrane går du i ur.
Det er stort sett god synleg sti eller vardemerking på heile turen. Tidvis også eldre raude merke som du kan gå etter.
Det er god turomtale i boka "Fotturar på Sunnmøre"

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr frå Volda mot Stryn på E39. Omlag 1 km etter Hjartåbergtunnelen skal du ta av på Aldalsvegen mot Vatne. Køyr ein knapp km til like før ei bru. Her er det plass til å parkere bilen. Stien startar i bakkant av parkeringsplassen.

Kvar kan du parkere?

Parkering ved Aldalsvegen, like før du kjem opp til ei bru

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0,4
God sti 9
Dårlig sti 1,3
Lengde tur/retur (km) 10,7
Stigning meter grader
Total stigning 1124 Høydemeter

Kart

Søre Sunnmøre