Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Stigen i Engesetdalen

Om turen

Gradering

Kommune

Skodje

Type tur

Fottur
Skitur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

4

Lengde en vei (km)

2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Stigen i Engesetdalen

Kvifor gå denne turen?

Høgste punktet på turen er Stigen, 160 moh. Heile turen går i relativt lett terreng med få bratte stigningar. Det er godt underlag.

Kvar i terrenget går turen?

Turstien frå Ånareset til Storegrinda går over Stigen. Det er mogleg å ta seg fram til Stigen på ski frå lysløypa, men då må det vere ganske mykje snø.
Frå Ånareset følgjer turstien skogsvegar i ca 350 m, deretter går turstien i rås nye 350 m til toppen av Stigen. Vidare 650 m nedover mot lysløypa. Derifrå følgjer stien lysløypa 650 m til Storegrinda.

Kulturminne

Etter om lag 300 m frå Storegrinda kjem ein til nokre gamle sommarfjøsar, som ligg på sørsida av stien. Det går segn om at ein bjørn slo hol i taket på ein av desse for å få tak i ei kyr.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen har to start/endepunkt- Ånareset og Storegrinda.
Ånareset har slike koordinatar: 62.5408 (b) og 6,6769 (l)
Storegrinda har slike koordinatar: 62.5349 (b) og 6.6460 (l)

Kvar endar turen?

Knausen Stigen ligg 160 moh.
Koordinatane er 62.5773 (b) og 6.6573 (l)

Kvar kan du parkere?

Det er gode mulegheiter for parkering både på Ånareset og ved Storegrinda/lysløypa.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 4
Lengde en vei (km) 2