Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sande

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

5,7 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Nupatinden, Kvamsøya og Stadtlandet gjennom ein av vardane
Vasshornet og Skoratinden sett frå Storetua
Turistskip passerar Eiksund med Sunnmørsalpane som bakgrunn
Oppå er Storetua nesten flat med 10 vardar på rekke og rad

Storetua

Kvifor gå denne turen?

Storetua er nest høgste fjellet i Sande med utsikt over store delar av ytre søre og Sunnmørsalpane, du ser også heilt til Hornelen på Bremangerlandet. Storetua er også kjend for alle vardane som står langs ryggen. Gursken IL og Gurskøy IL har trimpost ved den austlegaste varden, Gjerdsvika IL har trimpost ved den vestlegaste varden som også er høgaste punktet på Storetua.

Kvar i terrenget går turen?

Start ved vassverkshuset på Holtane, der står turkart på husveggen. Gå først ned bak vassverkshuset og følg traseen til vassverksveita til du kjem til skiltet Storetua 592, ta då til høgre og kryss elva og gå oppover på austsida av eit elvefar, råsa kjem opp på kanten ca 200 m austapå den austlegaste varden, då går den mot vest opp til varden. Dersom du vil nå det høgaste punktet på Storetua går du vestover langs alle vardane, den vestlegaste markerer høgste punktet.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Holtane i Gursken. Ta av frå fv 61 ved BESTstasjonen ved Skogevatnet, køyr ca 500m og ta til høgre i kryss etter Gursken stadion, køyr vegen opp på Brekkane og ta til venstre i første vegkrysset og køyr ut til vassverkshuset på Holtane og parker her.

Kvar kan du parkere?

Ved vassverkshuset på Holtane

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 5,7
Lengde tur/retur (km) 5,7 km
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 150 20
Bratteste helning ned 150 20
Total stigning 450 Høydemeter

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, Sunnmorskart.no