Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Gjemnes

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

7,6 tur/retur

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Storfjellet

Fotograf: Carina Stokke

Kvifor gå denne turen?

Storfjellet er ein tur du skal ta på ein skikkeleg finversdag, for makan til utsikt skal du leite lenge etter! Flott utsikt mot Romsdals- og Nordmørs-toppar, mot Grip, Smøla og Tustna. I tillegg er det eit lite vatn på toppen av fjellet kor du kan bade! Det kan anbefalast å vere der i det sola går ned i havet.

Kvar i terrenget går turen?

Følg anvisning for startstad. Gå langs dyrka mark og opp mot venstre hjørne av jordstykket. Der finn du sti som tek deg oppover lia. Lett å finne. Når du kjem opp lia flatar det ut og terrenget blir meir myrete. Her er det lite sti å finne, men kryss Skjærsetelva på passande stad og følg denne innover Bjørndalen. Innerst i Bjørndalen startar det brattaste partiet på turen. Men hardt og fint underlag gjer at du raskt er oppe på ryggen mot toppen av Storfjellet. Følg ryggen og det flatar raskt ut mot toppen og mot det litje vatnet som ligg på toppen av fjellet. Nyt utsikta og ta kanskje eit bad før du tek same rute ned igjen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Parker i nærleiken av Lykkeliten Barnehage i Søvika, Gjemnes. Gå langs vegen i ca. 300 meter i retning Høgset, til eit stykke med dyrka mark. Der startar turen.

Kvar kan du parkere?

Parker langs vegen ved Lykkeliten Barnehage.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,6
God sti 1,1
Dårlig sti 3
Natur 0,5
Myr 2,4
Lengde tur/retur (km) 7,6 tur/retur
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 75
Bratteste helning ned 75
Total stigning 750 Høydemeter

Kart

Turkart Kristiansund eller Kartserie 711 Kartblad 1320 IV Eide