Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Storklauva, Julsundet

Om turen

Gradering

Kommune

Aukra

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

2.7

Lengde en vei (km)

1.4

Total lengde rundtur (km)

2,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Mot Oterøya
Hiurtigruta på vei ut Julsundet
Solnedgang over Kjerringsundet

Storklauva, Julsundet

Fotograf: Arne Hollingsæter

Kvifor gå denne turen?

Ein fin tur med utsikt over Julsundet, Oterøya, Gossen og ute i havet Sunnmørsøyane, Ona, Bjørnsund, Bud osv. Ta gjerne turen ved solnedgang og/eller soloppgang!

Kvar i terrenget går turen?

Parker ved gamleskulen (Fanghol). Gå ca. 300 m i retning Molde, gjennom vegskjæringa til Hola. Følg grusa sti frå infotavla. Ta til høgre etter grinda og følg Fjellvegen oppover til du er på toppen av den bratte bakken.
 
Alt. 1 Om Fangholsetra. Fortsett rett frem forbi demninga og videre setervegen oppover til Fangholsetra. Her er det fint med ein liten pause. Videre tar du stien nord austover. Det er ein tydeleg sti i terrenget, delvis tilrettelagt, noko blaut enkelte stader. Stikk UT! -posten er på toppen av Storklava.

Alt. 2 Om Svartnakken. På toppen av den bratte bakken tar du til venstre frem til Gammelsetra. Gå så til høgre til Svartnakken. Tørr fin sti i terrenget, etter toppen av Svartnakken fortsett austover etter ryggen til du kjem til Klauvsdalen, siste delen er noe blaut. Gå traktorvegen noen meter til venstre, ta så til høgre, skilt Storklauva. Stien er godt synleg. Oppe i skaret tar du til høgre etter ryggen opp til Storklauva. Stien går i terrenget, noe fjell og myr så den kan vare blaut og sleip. Gå opp til Stikkut posten på toppen.

Alt 3 Om Pettermyra. Gå fra toppen av den bratte bakken på seterveien til etter dammen her tek du til venstre, skilt Pettermyra. Følg traktorvegen til Klauvsdalen, her kjem du til stien frå Svartnakken. Følg samme sti til Storklauva.

Denne turen kan gås fra alle tre alternativa. Du kan gå samme veg tilbake som du kom, eller ta ein rundtur. Utsikta er fantastisk, ein kveldstur kan anbefales!

Kulturminne

Fjellvegen vart bygd i 1941 - 1942. I 40 åra starta Brødrene Hollingsæter å byggje demning (dammen) over Vollelva, med røyrledning derifrå og ned langs elva til kraftstasjonen (stasjonen). Stasjonen låg ved den gamle riksvegen omtrent der Fanghol Telefonsentral ligg i dag. Terrenget her er ganske bratt, så på Gammelsetra vart det bygd ein pendelbane, med den frakta dei opp materialer til bygging av demning og delvis til røyrgata. Frå Gammelsetra og fram til demninga frakta dei materialane med hest og vogn.
Kraftstasjonen forsynte Brødrene Hollingsæter Trevare med kraft og dessutan lys til 7 - 8 av dei næraste gardane.
Fangholsetra vart bygd av Bernhard Fanghol i 1941- 1942 først fjøs, så seterbu. Den var i drift fram til 1959.
Magnus Hollen bygde og ein fjøs her og så delte dei seterbu. Mjølka vart kvar morgon bore ned på børtre, kanskje noko å tenke på når vi strevar oss opp eller ned den bratte Fjellvegen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar i Hola ved infotavla. Parkering ved Gamle Fanghol skule.

Kvar kan du parkere?

Gamleskulen i Julsundet, ingen parkeringsavgift.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3
Traktorveg 1,4
God sti 0,7
Dårlig sti 0,3
Myr 0,2
Lengde tur/retur (km) 2.7
Lengde en vei (km) 1.4
Total lengde rundtur (km) 2,7
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 200 17
Bratteste helning ned 200 17
Total stigning 310 Høydemeter

Offentlig transport

Aukra Auto, Atlanic Auto

Mobildekning

Ja

Kart

Kartserie 711 Kartblad 1220 - i Hustad. Kart over Julsundmarka.