Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Strandkolvet / Katthammaren

Om turen

Gradering

Område

Eresfjord/Eikesdalen

Kommune

Nesset

Type tur

Fottur

Gradering

XXXX Svart

Lengde tur/retur (km)

7

Lengde en vei (km)

3,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Vi er på 800 meter i lia opp til Bjørkskaret. Ser over til Rangåtind, Hauduken og Hoemtinden.
Vilt og bratt terreng opp til Bjørkskaret.
Utsikt frå Strandkolvet nordover Eikesdalsvatnet mot Eresfjord.
Sugende bratt og imponerande utsikt rett over til Mardalen.. Her er det basehopparane kastar seg utfor.

Strandkolvet / Katthammaren

Kvifor gå denne turen?

Eikesdalsvatnet:
Krevande bratt tur langs sti rett opp til Bjørkskaret (1000 moh.) Deretter lett høgfjellsterreng til toppen av Katthammaren /Strandkolvet (1260 moh.) Her kjem du tett inn på naturen med elv, fossar og steile stup og fjell. Basehopparar er blant dei ivrigaste brukarane av stien.
Ein tur du ikkje gløymer !

Kvar i terrenget går turen?

Første par hundre metra følgjer attgrodd skogsveg. Deretter på sti først ca 80 meter gjennom litt tett vegetasjon før du kjem inn i skog med meir åpen botn. Etter ei stund blir det vesentleg brattare. Partivis så bratt at du også må bruke hendene for å kome deg opp.
På ca 480 moh skrår stien bortover over fleire grunne rasrenner. Deretter går det bratt opp igjen til over skoggrensa og 800 moh. Her er det bolta fast ein kjetting til hjelp for å halde deg fast i. Herifra og opp til Bjørkskaret er det også jamnt bratt langs lyng og mosegrodd fjell. Og med enkelte utsatte stader.
Frå Bjørkskaret er det ingen merka sti lenger. Men du skrår svakt oppover til høgre. Følg venstresida av eit bekkeleie (ligg ofte snø der). Når det flatar ut går du i dalsøkket / bekken eit kort stykkje for så å krysse over til høgre. Følg flate knausar framover og du er oppe. Gå ut mot kanten og du ser rett ned i Eikesdalsvatnet ! Det her basehopparane kastar seg utfor .
Utsikt; ja det er berre forbokstaven !

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Følg fylkesvegen frå Eresfjord mot Eikesdal. Passer Vike men stopp og parker ved Øvre Bjørk, her er det avkøyrsel med rastebord (og flott utsikt til Mardalsfossen) . Dette er nokre hundre meter før du kjem til Sandoddtunnelen. Skilt ved denne avkøyrselen viser starten på stien til Strandkolvet.

Kvar endar turen?

Som alternativ retur kan du fortsette sørøver Kjøtåknausane, eventuelt Kjøtåbotnen og gå ned Kjøtåryggen ved sørenden av Litjvatnet i Eikesdal. Ein lang tur og ein fordel at du har med kjentfolk.
NB! Dette er villreinens rike. Vis aktsomhet.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 7
Lengde en vei (km) 3,5
Stigning meter grader
Total stigning 1230 Høydemeter

Spesielle forhold

Godt fottøy er viktig. Veldig mykje skrå gåig i bratt terreng som røyner på kne og anklar. Kan vere ein fordel med ein stav.

Kart

M711 1320 II Eresfjord og 1319 I Romsdalen