Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sula

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

9

Lengde en vei (km)

4,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt frå Svanshornet
Purketjønna
Svanshornet

Svanshornet

Fotograf: Mariann Barstad

Kvifor gå denne turen?

Turen er fin å gå heile året. Vinterstid er det oppkøyrd løyper til Taustua og Rollonhytta. Her kan ein få kjøpt forfriskningar på dei fleste «raude» dagar i året.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar frå parkeringsplassen i nordenden av Mausavatnet. Første del er ein gardsveg som går over i ein grusa tursti opp til ei skibu. Ved skibua har ein to val, anten gå vidare rett fram eller ta av 90 grader til høgre og følgje lysløypa vidare. Dersom ein går rett fram, må ein ta av til høgre omlag 150 meter lenger framme (ved ei bru) og så møtest dei to stiane lenger oppe. Då er det berre å halde seg etter skiltinga vidare oppover. Frå parkeringsplassen på Eikrem tar det i underkant av 1 time til Taustua og Rollonhytta. Frå Rollonhytta følger du stien opp mot Vardane og tar av til høyre etter ca. 500 m. Herfra er det god stigning til Svanshornet (552m). Gangtid frå Rollonhytta til Svanshornet er om lag en halv time. Herfra er det bare 10 minutter gange retning øst ned til idylliske Purketjønna, med tre små hytter. Om man ønsker en rundtur kan man følgje rås frå Purketjønna og ned igjen til Rollonhytta.
Stien går i delvis myrlendt terreng ca 300 meter etter Rollonhytta. Elles fin rås

Kulturminne

På vegen går ein forbi mellom anna Mausastølen og Humlestølen. Her var det stølsdrift i tidlege tider.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar ved parkeringsplassen i Grova (ved nordenden av Mausavatnet). Kjem ein frå Spjelkavik retning mot Hareid, så skal ein køyre forbi avkøyrsle til Langevåg, gjennom tunnelen etter avkøyrsla, forbi krysset der vegen tar av til Mauseidvåg og vidare omlag 3-400 m. Då tar ein av til høgre mot Eikrem, og ein er då på parkeringsplassen. Kjem ein frå Hareid, må ein passe på å ta av frå hovudvegen i nordenden av Mausavatnet.

På store utfartsdagar vert det fort fullt, køyr då vidare til idrettsanlegget på Allheim. Her er det og skilta vidare.

Kvar endar turen?

Svanshornet 552 moh

Kvar kan du parkere?

Grova i Mauseidvågen. Sjå ovanfor

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 9
Lengde en vei (km) 4,5
Stigning meter grader
Total stigning 525 Høydemeter

Mobildekning

ja