Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Aukra

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

3,0 km. tur/retur

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Nattfiolen blomstrer
Informasjonstavle i Hola
Utsikt mot Oterøya
Utsikt frå stien til Svartnakken

Svartnakken

Kvifor gå denne turen?

Turen er ein fin tur med flott utsikt over Julsundet, Gossen, Oterøya. Langt ute i vest/nordvest ser vi Ona, Bjørnsund, Bud osv. Solnedgangen er kjempefin ! Frå Gammelsetra ser ein og innover mot Tautra og fjord og fjell lengre inne. I månadsskifte juni/juli kan ein langs stien opp til Svartnakken sjå den vakkre Nattfiolen blomstre. Nattfiolen tilhøyrer Marihandfamilien.

Kvar i terrenget går turen?

Parker ved gamle skulen i Julsundet (Fanghol). Gå ca. 300 m. på gangvegen i retning Molde, gjennom vegskjeringa til Hola. Følg grusa sti frå informasjonstavla. Etter grinda tek du til høgre og følgjer Fjellvegen vidare oppover. På toppen av den bratte bakken (første vegskille) går du til venstre mot Gammelsetra. Stien til Svartnakken tek av til høgre, nokre meter før ein kjem fram på Gammelsetra. Avstikkaren fram på Gammelsetra er å anbefale, flott utsikt! Nyt det! Turen vidare til Svartnakken følgjer ryggen oppover, nokre stader gjennom gamal furuskog (trollskog) Ta pausar og nyt utsikta.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

I Hola, ved informasjonstavla, starten på Fjellvegen.

Kvar endar turen?

Samme som startsted.

Kvar kan du parkere?

Ved gamle skulen i Julsundet (Fanghol) Ingen parkeringsavgift.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3
Fast grus 0,4
Løs grus 0,1
Traktorveg 0,5
God sti 0,6
Myr 0,1
Lengde tur/retur (km) 3,0 km. tur/retur
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 166 20
Bratteste helning ned 166 20
Total stigning 213 Høydemeter

Offentlig transport

Atlantic Auto - Aukra Auto

Kart

Kartserie 711 Kartblad Hustad - 1220 I