Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Område

Søre Sunnmøre

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

1,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Mykje spanande å sjå undervegs
Her kan du gå over til Nøvedalen
Populære turmål på andre sida av dalen - Keipen og Litledalshornet
Skilt til Thereseråsa
Turen startar her
Flott plass når du kjem opp

Thereseråsa

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Thereseråsa er ei av flerie populærer råser i Bondalen/ved Sæbø. Turen går på god rås gjennom gran- og lauvskog, og ved enden av råsa er det flott utsikt og fin uteplass. Undervegs finn du fine steinar, troll og andre overraskingar. Ein populær tur for store og små

Kvar i terrenget går turen?

Start ved ei grind der det står "Thereseråsa". Stien er tydeleg heile vegen og er merka med raude hjerte. I omlag 360 meters høgde (N62° 12.516' E6° 25.429') kjem du ut av granskogen. Vidare er det lauvskog og når du kjem til endes er det fin utsikt og ein fin uteplass. Her er det sitteplassar og bålpanne.
Ved (N62° 12.510' E6° 25.580') i 300 meters høgde kan du gå over til Nøvedalen. Her er svakt merka på nokre steinar

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Ørsta følger du FV655 mot Sæbø. Omlag 2 km før du kjem til Sæbø, tek du av opp Holebrauta. Følg Holebrauta fordi Holen sandtak (du skal ha sandtaket på di høgre side). Sjå etter skilt "Thereseråsa" og følg grusvegen rett opp. Du kan køyre vegen til endes; det er bra med parkeringsplassar der turen startar.

Kvar kan du parkere?

God plass til parkering der turen startar

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 1,7
Lengde tur/retur (km) 1,7
Stigning meter grader
Total stigning 230 Høydemeter

Offentlig transport

Buss til Sæbø. Det er godt mulig å gå turen frå hovedvegen.
frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane