Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Gjemnes

Type tur

Fottur
Skitur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

9,4

Lengde en vei (km)

4,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Skilt der stien opp om Randa tek av frå vegen rundt Silsetvatnet.
Toppvardane på Tovarden.

Tovarden

Fotograf: Guri Leirdal Hoem

Kvifor gå denne turen?

Turen opp til Tovarden startar på gamal setergrunn. Du kjem raskt opp i ope terreng, kor du blir møtt av ei fantastisk utsikt både tilbake mot Åndalstussar og sørover mot Romsdalspanoramaet. 

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar ved parkering på Indergardssetra. Herifrå må du gå litt tilbake før du tek til venstre inn på ein seterveg som du følgjer sørover. Etter om lag 1,3 km tek du av frå vegen og inn på ein sti opp til venstre. Denne følgjer du opp heile ryggen og inn på fjellet kor det står to vardar, ein for kvar av kommunane som møtest her oppe, Gjemnes og Molde. Her vil du finne turmålet med dertil turpostkasse. 

Kulturminne

Turen startar på ein gamal setervoll, Indergardssetra. Her har det vore seterdrift i mange generasjonar. Fleire seterhus står her framleis, og flotte steinutgardar omkransar ein grøn og fin setervoll.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ta av frå E39 ved Silset, om lag 2 km fra Batnfjord sentrum i retning Molde. Køyr opp mot Silsetfjellet og følg bomvegen opp til enden av vegen ved Indergardssetra (nesten 4,5 km). Her kan du parkere bilen. Det er lettast å kome hit med bil, men med lett gir er det også fullt muleg å sykle opp bomvegen. Det er busstopp nede ved E39.

Kvar endar turen?

Målet for turen er lagt til den eine av dei to vardane som har gitt namnet sitt til plassen. Retur er tenkt same veg, men det er også muleg å legge turen vidare bort om Mannen, eller å gå ned via Trollvatnet og Oltervatnet til Istad.

Kvar kan du parkere?

Ved Indergardssetra.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 1,3
God sti 3,4
Lengde tur/retur (km) 9,4
Lengde en vei (km) 4,7

Offentlig transport

Fram (http://www.frammr.no) køyrer ekspressbuss på E39 mellom Molde og Kristiansund. Denne stoppar på Silset, med avgangar om lag ein gong i timen på kvardagar. Frå busstoppet er det i overkant av 4 km opp til Indergardssetra.

Mobildekning

Ja.

Kart

Norges-serien, Kristiansund.