Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Område

Eresfjord/Eikesdalen

Kommune

Nesset

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Total lengde rundtur (km)

3,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Nedre del av stien går i idyllisk og åpen granskog.
Her ved Maristumyra kan du gå ned Langåsen som passerer Skulmeisterfallet.
Her står trimbok-kassa til Eresfjord I.L:

Tråbrauta

Kvifor gå denne turen?

Eresfjord. Fin trimtur opp frå Sira/Husby. God og tørr sti, først i åpen idyllisk granskog, deretter i lauvskog.
Trimbok-kassa står på ei tolle 192 moh.
Fortsett gjerne stien vidare. Den ender oppe ved riksvegen 278 moh, rett under Lomstjønna skisenter.
For å få ein fin rundtur kan du gå ned igjen Langåsen. Sjå kartet.

Kvar i terrenget går turen?

Det er enkelt å finne fram. Stien er godt synleg heile vegen.

Kulturminne

Tråbrauta er ein gamal krøterveg og er i seg sjølv eit lite kulturminne.
Skulmeisterfallet på stien ned Langåsen er historia og staden der ein mann sklei på isholka og fall ned i elva Ugla og omkom.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ta av riksvegen i Eresfjord mot Vistdal. Etter eit kort stykkje kjem du til vegens første skarpe sving over brua ved Ugla. Rett før dette er det ei lita avkøyrsle på høgre side av vegen. Her kan du parkere (noen få bilar) Følg først traktorvegen og deretter til venstre og vidare opp stien.

Kvar endar turen?

Trimturkassa står eigentleg midtvegs på denne stien. Tilrår derfor at du fortsett på samme sti.
Da kjem du til riksvegen rett under skisentret (Lomstjønna skisenter )
For å få ein fin rundtur følgjer du riksvegen nedover ca 150 meter til ei brei avkøyrsle. Her står det skilt Maristumyra og Skulmeisterfallet. Ta ned i skogen her og inn på stien som er kalla Langåsen.
Øvre halvdel av denne stien går delvis i myrterreng og kan derfor vere blaut.
Til slutt hamnar du nede ved riksvegen igjen.
Følg denne nedover noen hundre meter og tilbake til utgangspunktet.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,5
God sti 2,7
Total lengde rundtur (km) 3,2
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 100 20
Bratteste helning ned 50 20
Total stigning 167 / 253 Høydemeter

Kart

M711, 1320 II Eresfjord