Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Tussabygg - Hornseten

Om turen

Gradering

Kommune

Herøy

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Total lengde rundtur (km)

2,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Mot nordvest, Kvalsvika og storhavet.
Mot sør og Buholmlinja
Fosnavågen
Biletet er teke frå Hornseten mot Leinøy og Leinebygda. Remøyholmen til venstre

Tussabygg - Hornseten

Fotograf: Andreas Kvvalsund

Kvifor gå denne turen?

Start tur til Hornseten. Start turen ved Tussabygget ovanfor Bergslia byggefelt. Følg turvegen opp dalen til vegen deler seg. Ta til høgre der det er skilta til Hornseten. Litt bratt i starten, ca 50 m. Så beine vegen til Hornseten. Flott utsikt mot Fosnavåg, øyane rundt og innover mot Sunnmørsfjella. Der er fleire rastebord og varde på toppen / Hornseten.
Nedturen kan gå austover langs ryggen, før ein tek ned fjellsida. Følg stien. Ved første flate, ta mot vest, mot Heid og over området ovanfor skyttargravene. Ein kjem så inn att på turvegen ein gjekk opp. Ta då ned over til venstre og følg turvegen til Tussabygget. Turen er ca 2,6 km. Stigning frå 50 til 200 m. Lett terreng. Litt vått enkelte plassar.

Her er også mulegheit og gå vestover mot Tverrfjellet. Sjå eigen tur sept. -14.

Kvar i terrenget går turen?

Sjå beskriving

Kulturminne

Dei tidlegare skyttergravene til Bergsøy Skytterlag ligg langs turen, i starten og slutten

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Du passerer Buholmlinja på fylkesveg 654 mot vest, Berge Bedehus, ta av opp til høgre mot Bergslia byggefelt. Når du tek av frå fylkesveg 654, køyr Borgarhaugvegen ca 100 m, ta av til høgre og køyr Bergslivegen 300 m, ta til høgre og køyr Bergslibakken, svakt mot venstre / beine vegen til du er ved Tussabygget og parkering.

Kvar endar turen?

Sjå beskriving

Kvar kan du parkere?

Ved Tussa-bygget

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus x
Traktorveg x
Dårlig sti x
Natur x
Myr x
Sleipt underlag x
Total lengde rundtur (km) 2,6
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 50 40
Bratteste helning ned 40 30
Total stigning 150 m Høydemeter

Offentlig transport

Gå av buss på Hjelmeseth. Følg Borgarhaugvegen bak busslomme ca 100m. Ta til høgre og fyl Bergslivegen 300m. Ta opp Bergslibakken til høgre og fyl denne svakt mot venstre / beine vegen til Tussabygget der Turvegen startar

Mobildekning

Ja

Kart

Sunnmmørskart