Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ulstein

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

1,4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Å klatre er moro
Kristoffer studerar ein av alle dei rare figurane
Ugleskrinet inneheld gaver til borna
Uglesætra

Uglesætra

Kvifor gå denne turen?

Uglesætra ligg på sørsida av Dimna og er eit eldorado for born. Det gamle sætrehuset er restaurert og området rundt er tillaga som leikeområde for born i alle aldrar. Her er klatretre og mange underlege figurar, området er også tillaga med bord og sitjeplassar. Inne i huset er der fint pynta og Ugleskrinet som er der inneheld små gaver til borna. Der ligg også kart som du kan ta med deg, det viser råsene og alt som er verdt å sjå på fjellet og i skogen på Dimna. Frå Uglesætra går der rås vidare til Ugleskogen med flotte klatretre og Nøkken med familie under ei gamal trerot. Heile dette området er ein stor opplevelse for både store og små.

Kvar i terrenget går turen?

Frå parkeringsplassen går du ca 200m vestover på vegen, når du kjem forbi første husa på øvresida av vegen går råsa opp gjennom skogen, råsa er godt merka med skilt med Uglesætra på. Når du kjem eit stykke opp i skogen fylgjer råsa ein gamal kløvveg heilt opp til Uglesætra.

Kulturminne

Sjå Uglekartet som ligg på Uglesætra.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr fv 61 sørover frå Ulsteinvik, ta av i vegkryss skilta mot Dimna, fv 26, køyr 1,4 km, ta til venstre i vegkryss skilta mot Ertesvåg, køyr 1,9 km, då er der ein parkeringsplass på venstre sida av vegen, parker her.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass ca 200m frå der råsa startar.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,4
God sti 1,0
Lengde tur/retur (km) 1,4
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 400 10
Bratteste helning ned 400 10
Total stigning 120 Høydemeter

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 I, Sunnmorskart.no