Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Haram

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

2,74 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Ulla Fyr

Fotograf: Bilete funne på nett

Kvifor gå denne turen?

Ulla fyr er et fyr som ligger på Kvernholmen i Haram kommune på Sunnmøre

Fiske
Det er flott å fiske frå berget på Kvernholmen. Det er mykje lyr og til tider makrell, men også all anna fisk. Men ver varsam. Gå ikkje der det er vått, der er det som regel glatt! Å hamne i havet her er ingen spøk
Hugs at det kan kome bårer som er større enn dei andre utan varsel!
Bruk flytevest!
 
Vér og Uvér
Vêret kan skifte raskt her ute.
Mange kjem hit ut både når det er fint vêr og ikkje så fint vêr. Når det bles og naturen tek litt i, er det ei oppleving å vere på fyret.
 
Geitene på Kvernholmen
Det er i dag fire geiter som går og vandrar rundt på holmen. Desse geitene er folkekjære, so dei dilter som regel etter gjester på holmen.

Solnedgang
I vår- og sommartida, kan du sjå den mest fantastiske solnedgangen frå Ulla fyr!! Å sitje på fyret og sjå sola gå ned i storhavet, er ubeskriveleg!!

Kvar i terrenget går turen?

Haramsøya ligg ytst ute mot havet på Sunnmøre i Vest-Norge. Det går hurtigbåt frå Ålesund (ca 40 minutt) til fergjekaia på Austnes.
Det går bilferge mellom Austnes - Kjerstad (Løvsøy) og Skjelten (Fastlandet).
Frå ferjekaia tek du til høgre og køyrer heilt til enden av øya. Før brua over til Longva, tek du til venstre på ein grusveg ut til fyret.

Frå Ulla går turen på grusveg heile vegen, så den egnar seg for dei fleste. Over til Kvernholmen går det ei bru. Her kan det vere vanskeleg å ferdast ved uver! På Kvernholmsida, er der støypt veg og også fint å gå. Opp til sjølve fyret er der nokre trapper, så her må ein bruke beina.

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

I 1872 vart det bevilga pengar til å få bygd eit fiskefyr på Kvernholmen og det vart sett opp eit lite fyrbygg her. Fyret sto ferdig hausten 1873 og vart tent første gang 25. januar 1874. Frå 1889 vart brennetida utvida og stasjonen måtte derfor utvidast til familiestasjon. Det vart bygd ny bolig med uthus og naust, samt eit lite fjøs.

I 1898 fekk fyret ei 4. ordens linse med fleire klippsektorar slik at lyset lyste i forskjellige fargar i forskjellige retninger. I januar 1901 vart fyret treft av ein storm og naustet vart flytta av bårene, men ikkje øydelagt. Fyret vart forsterka i 1929 og fekk elektrisk straum innlagt.

I oktober 1944 bomba allierte fly fyrstasjonen og førte til store skader. Gjenoppbygginga av fyret starta i 1950. Det vart då bygd ei ny fyrbygning med støypejernslykt på taket. I 1975 vart fyret automatisert og avbemannet.

Ei kort periode leigde forsvaret fyret av Kystverket og brukte det til ulike anledninger. I 2003 tok Kystverkklubben Ullafyrets Venner over ansvaret for å vedlikeholde fyret. I dag vert det drive sporadisk fyrkafé og ulike samankomster, i tillegg til muligheiter for overnatting.

I dag er fyrstasjonen freda etter lov om kulturminner

Tilgjengeleg med rullestol

Ja

Kvar startar turen?

Parker på Ulla. Ein kan også velje å parkere lengre ute mot fyret, om ein ikkje ønsker å gå så langt. Følg grusvegen heilt ut. Enkel trasè. Turen kan og utførast av rullestolbrukarar.

Kvar kan du parkere?

Ein kan parkere ved fjøs på Ullasida, men ikkje sperr for dørene eller tilkomsten ellers til fjøset. Ellers kan ein parkere ved strand lenger ut mot fyret.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 2,74
Lengde tur/retur (km) 2,74 km