Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Norddal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

4,5 km

Lengde en vei (km)

2,2 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt austover mot Valldal, Fjørå og Tafjorden. Klovset i framgrunnen.
Vardevatnet. Råsa gjeng langs kanten av vatnet midt på bildet.
Langs råsa ein haustdag
Utsikt vestover

Vardefjellet

Fotograf: Kristi Linge Stakkestad

Kvifor gå denne turen?

Vardefjellet ligg nærast på eit nes fram mot Norddalsfjorden, 893 moh. Det er ein forholdsvis lett topptur som gir flott utsikt til store delar av Norddal kommune og delar av Stranda kommune, og også til mange av dei høgste toppane i området.
Ein av dei høgaste fjelltoppane i Norddal, Torvløysa (1850 moh.), ligg i sør. Pyttegga (1999 moh.) i Tafjordfjella er den høgaste. Vestover ser vi mot Stranda, og vi skimtar også det kjende turmålet Slogen (1564 moh.), som ligg i Ørsta. Mot nord er det utsikt til Blåtinden (1338 moh.), grensefjell mellom Norddal, Stordal og Stranda kommunar. Rett nedanfor Vardefjellet mot nord ligg Hogsetdalen (750 moh), den andre sætra for Linge og Lingås. Her er det no oppattbygd fleire sel/hytter som tidlegare stod til nedfall. Det er delvis merka rås frå Vardefjellet og ned til Hogsetdalen.

Vardefjellet har fått namnet sitt fordi dette i vikingtida var ein vete eller varde der dei tende bål for å varsle om ufred og åtak frå fiendar. I heile landet var det eit system med vetefjell der det var fri sikt frå det eine vetefjellet til det neste. Det var difor viktig at slike vetefjell hadde god utsikt både til nærliggjande vetefjell og til bygdene i området, slik at folk vart varsla.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar frå Klovset (549 moh), sæter for Linge og Lingås. Her er det god parkeringsplass og informasjonstavle med flyfoto der det er teikna inn ulike turruter i området.
Følg traktorveg første 100 meter frå parkeringsplassen, så skilting på rås til høgre. Det går bratt oppover i starten. Eit stykke oppi lia deler råsa seg mot Vardefjellet og Hogsetdalen. Råsa går vidare oppover og vestover i ope og lett fjellterreng med godt utsyn over fjord og fjell. Eit lite stykke før toppen passerer ein det idylliske Vardevatnet 850 moh. Her er det muleg å bade. Det ligg også ei privat hytte ved vatnet, Vardebu.

Turen er merka med raude v-ar (v for verdsarv), stolpar med raud topp i terrenget, og skilt der råsa deler seg. Rekne om lag ein time opp med jamn gange.

Kulturminne

Klovset. Stor, flat voll, 549 moh. Tidlegare sæter for Linge og Lingås. Sæterdrift fram til 1962. Sætra har i dag tolv bygningar, nokre av dei frå om lag år 1900. Fjøsane låg under sela, var tilbygg langs langveggen, eller det var eigne bygg. Den gamle sæterråsa var tung og bratt, det var om lag ein times gange frå Linge med bør. Bilvegen kom i 1987, før det var det taubane til å frakte mjølk og varer, og endå før det var det løypestreng som vart nytta. Restar av taubana på sætervollen. Flott utsikt, populær utfartsstad.
Les meir om sætrane i Norddal i boka Til seters, utgitt av Valldal Bygdekvinnelag i 2012.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ved Muri i Valldal (like før sentrum i Valldal når du kjem frå vest/Ålesund) er det skilta mot Lingås. Følg vegen oppover heilt til siste garden i Lingås, om lag 200 moh. Køyr forbi løa og parker bilen på merka p-plass, eller køyr vidare til Klovset på bomveg (2,4 km). NB! Siste del av bomvegen er bratt, men grei å køyre.

Kvar kan du parkere?

Bompengar kr 50 Lingås - Klovset

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0,1
God sti 2,1
Røtter / steiner 2,1
Lengde tur/retur (km) 4,5 km
Lengde en vei (km) 2,2 km
Stigning meter grader
Total stigning 350 Høydemeter

Offentlig transport

Det går buss mellom Valldal og Ålesund
http://www.frammr.no/Ruter/Buss/145
Om sommaren går det også buss mellom Valldal og Åndalsnes (tre avgangar for dag).

Mobildekning

Stort settt god mobildekning.

Kart

Turkart Norddal kommune 1:50 000 Turkart Stranda kommune 1:50 000