Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Vardeskaret frå Aldalen

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Start ved den raude pila
Ein naturleg kvileplass
Sikt deg inn mot varden om du ikkje finn sti
Turmålet
Utsikt inn Austefjorden

Vardeskaret frå Aldalen

Fotograf: RuBa/SoHå

Kvifor gå denne turen?

På denne turen får du gå nokså uforstyrra. Det er ikkje veldig mange som går denne turen på beina, men det er ein kjekk tur. Den går i variert terreng og utsikta frå Vardeskaret er flott! Du har flott utsikt både inn Austefjorden og utover mot Volda.
Det er ikkje uvanleg å gå vidare over til Volda eller ta turen til Koppefjellet

Kvar i terrenget går turen?

Start frå parkeringsplassen ved Aldalsstøylen. På oppsida av vegen ser du ei raud stikke. Turen startar her. Det er sti nesten heile vegen til topps. På slutten er den litt utydeleg nokre plassar, men sikt deg inn mot varden når du får auge på den. Det er også merking med nokre blå band som du kan følge.
Når du kjem opp til haugen (Nestehaugen) ikkje så lenge etter start, svingar stien svakt mot venstre (N62° 06.429' E6° 12.549'). Etter å ha gått i bjørkeskog kjem du inn i eineskog og etterkvart i ope lende. Du passerer ein kvilestein i olivin, og kjem etterkvart opp til elva. Kryss elva ca 470 moh (N62° 06.521' E6° 12.057'), og følg elva vidare på høgre sida. Stien går ca. 10-15 m frå elva. Etterkvart kjem du opp i eit område der snøen kan bli liggande ei stund, og stien er difor meir utydeleg. Det er sti og merking som du kan følge, men dersom du ikkje finn sti, siktar du deg rett oppover, og når du ser varden, går du mot denne. Når du kjem opp til varden, følger du stien litt vidare til du kjem til ein ny varde. Her finn du turkasse med bok. Det er mange plassar du kan sitte og nyte den fine utsikta

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr frå Volda mot Stryn på E39. Omlag 1 km etter Hjartåbergtunnelen skal du ta av på Aldalsvegen mot Vatne. Køyr knapt 2 km opp til sætra. Her er det ein parkeringsplass på nedsida av vegen. Stien startar tvers over vegen for parkeringsplassen.

Kvar kan du parkere?

Parkering på parkeringsplassen der turen startar

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 3
Dårlig sti 1
Lengde tur/retur (km) 4
Stigning meter grader
Total stigning 452 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Spesielle forhold

Det er vanleg å gå på ski til Koppefjellet frå Aldalen. Første delen av turen er då den same som denne til fots.
Det er elles fint å bade i vatnet. Mange har Aldalsvatnet som turmål.
Når du står på Vardeskaret og ser mot nord, får du kanskje auge på ei flott steinbu ca 200 m vekke. Det er verdt å ta turen bort og sjå på den

Kart

Sunnmørsalpane