Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Område

Eresfjord/Eikesdalen

Kommune

Nesset

Type tur

Skitur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

7,6

Lengde en vei (km)

3,8

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

På veg opp med utsyn mot Ryssdalsnebba
Frå toppen med utsikt mot majestetiske Skjorta
Vi ser ut fjorden mot Rød og Eidsvåg.
Frå toppen av Verdfjellet med utsikt over Eresfjord og alle dei flotta fjelle rundt.

Vardfjellet

Kvifor gå denne turen?

Eresfjord. Enkel og fin skitur for heile familien. Først eit par kilometer langs setervegen til Kanndalen. Deretter opp gjennom åpne glenner og uthogd løype i skogen. Frå den store varden på toppen 827 moh har du fin utsikt rett mot Skjorta, ut fjorden mot Eidsvåg og sjølvsagt oversikt over Eresfjord.
Og ikkje minst, du kan gle deg til ei fin nedrenning.
Alternativt kan du fortsette nordaustover til høgste toppen på Vardfjellet (896 moh). Og deretter renne ned til Kanndalen. Da er det berre å følgje setervegen ned igjen .

Kvar i terrenget går turen?

Etter parkering ved Bjørbakkbrua, følgjer du vegen opp gjennom tunet på Bjørbakken og vidare opp gjennom bommen ved Gransetra. Etter ca 2 km langs vegen ( ca 338 moh) tar du av frå vegen og opp det vi lokalt kallar Myra. No følgjer du skogen både via åpne glenner og uthogd løype. Når du passerer skoggrensa har du knappe 100 høgdemeter igjen før du er på toppen ved den store varden på Vardfjellet.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå fylkesvegen på austsida av Eresfjord tar du av ved skiltet Gransetra, og følgjer kommunevegen opp til parkeringa rett før Bjørbakkbrua, 1,3 km. Parker her og gjer klar ski og sekk.

Kvar endar turen?

Frå Vardfjellet kan du alternativt fortsette nordaustover til høgste toppen på Vardfjellet (896 moh). Og deretter renne ned til Kanndalen. Da er det berre å følgje setervegen ned igjen .

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Preparerte løyper 0
Ikke preparerte løyper 0
Lengde tur/retur (km) 7,6
Lengde en vei (km) 3,8
Stigning meter grader
Total stigning 740 Høydemeter

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Ver merksam på den siste bratta rett før skoggrensa. Her kan det vere lurt å gå ut til høgre

Kart

M711 1320 II Eresfjord