Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Område

Eresfjord/Eikesdalen

Kommune

Nesset

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

2,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Vargehola ligg heilt oppunder foten av fjellet. Gul ring !
Her er inngangen til Vargehola. Ta med hodelykt.

Vargehola

Kvifor gå denne turen?

Eresfjord. Ein naturskjønn og enkel tur opp til ei fjellgrotte heilt ved foten av fjellveggen under Goksøyra.
Ta med hodelykt og kryp inn gjennom det forholdvis trange holet og du kjem inn i ei store hule. Må oppleves !

Kvar i terrenget går turen?

Etter å ha lagt dyrkamarka bak deg, stiger terrenget opp utmarksbeitet. Idyllisik utsikt over Øverås/Åse. Skogen lenger oppe er gamal trolsk urskog. Stien slynger seg mellom mosegrodde steinar, gamle tre og oppunder kjempestore steinar.
Før du aner det er du oppunder Vargehola.

Kvar startar turen?

Parker ved den gamle ferjekaia på Øverås/Åse. Følg deretter fylkesvegen oppover (rett nord) ca 300 meter.
Her tar du av til høgre og inn på traktorveg langs dyrkamarka. Denne følgjer du heilt fram til utgarden. Her tar du rett til venstre og slakt oppover mot kjempesteinane i utmarka. Følg dette utmarksbeitet heilt oppunder skogkanten og passer mellom to store steinar. No er du inne på stien som først svinger svakt til venstre og oppover. Følg stien og raude merkjer.

Kvar endar turen?

Turen til Vargehola let seg enkelt kombinere om du er på sykkeltur i Eresfjord. Fin avveksling. Og du kan sykle traktorvegen heilt bort til utgarden mot utmarka. Derifrå og opp til Vargehola er det ikkje lenger enn at det går greitt å bruke sykkelsko.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 1,5
God sti 0,3
Natur 0,8
Lengde tur/retur (km) 2,6
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 50 12
Bratteste helning ned 50 10
Total stigning 130 Høydemeter

Spesielle forhold

Blå tur pga siste stigningen opp til hola

Kart

M711, 1320 II Eresfjord