Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sande

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

6,6 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

På tur til Veten, toppen midt i bildet.
Utsikt mot nordvest
Syvdsfjorden er omkransa av høge fjell
På tur frå Veten mot Torsethornet, Rovdefjella i bakgrunnen

Veten

Kvifor gå denne turen?

Veten ligg fint til over Nyksvatnet med god utsikt ut mot vest og mot fjella i Sande og Vanylven. Veten har namnet sitt etter det gamle varslingssystemet med eldvardar som var langs kysten. Larsnes IL har trimpost på toppen. På Veten står også eit opplysningsskilt som fortel segna om Årvikrisen og Haukelandsrisen.

Kvar i terrenget går turen?

Råsa byrjar ved parkeringsplassen på toppen av Drageskaret, den går etter fjellryggen Langhamrane opp forbi kvilesteinen og mellom Knottahornet og Svedehornet, går vidare innover fjellet til du kjem til skiltet Keipen Veten, då tek du til høgre.Råsa går då forbi vestenden av Langevetevatnet, går derifrå bratt opp til toppen av Veten. Frå Veten er der moglegheit å fylgje ei rås som går inn til Torsethornet og derifrå til Keipen og bruke den som alternativ retur. Du kjem inn på sporet ditt ved skiltet Keipen Veten. Alle desse råsene er godt merka. På Veten er der også rås som kjem opp frå Skredestranda.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Drageskaret på fv 61 mellom Larsnes og Gursken.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass på toppen av Drageskaret

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 6,6
Lengde tur/retur (km) 6,6 km
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 150 22
Bratteste helning ned 150 22
Total stigning 550 Høydemeter

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M 711 1119 III, Sunnmorskart.no