Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Stordal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

2

Lengde en vei (km)

1

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Vikahornet

Fotograf: Bjørg Jacobsen

Kvifor gå denne turen?

Fin tur frå Dyrkornvatnet. Kort, men litt bratt tur som også er spesielt godt eigna for barnefamilier. Sjølv om turen er kort, får du ei kjensle av å vere på verdas tak! På Vikahornet er det flott utsikt over Dyrkornbygda, Storfjorden og fjellområda rundt. På andre sida av fjorden ser du fjellgardane på Skotet. http://www.skotet.no.

Kvar i terrenget går turen?

Frå parkeringa går du mot den øverste hytta, råsa startar til venstre bak hytta. Turen er merka og har god rås gjennom krattskog med utsyn over Dyrkornvatnet.

Vidare frå Vikahornet har du muligheit til å gå opp til Varden og eventuelt vidare til Stordal.

Kulturminne

Tufter etter gammel seterdrift på Vikastølen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

I vegkrysset på Dyrkorn køyrer du oppover bygda. Etter 1,5 km tar du til høgre i krysset. Fortsett ca 500 m til bomvegen (kr 30,-) startar til venstre. Fortsett fram til Dyrkornvatnet og ta til høgre mot Vikastølen. Parkering ved vatnet.

Kvar kan du parkere?

Parkering ved vatnet.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 2
Lengde en vei (km) 1
Stigning meter grader
Total stigning 219 Høydemeter

Offentlig transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå frammr.no

Mobildekning

Ja

Kart

Turkart Ørskogfjellet