Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Skitur

Gradering

XXXX Svart

Lengde tur/retur (km)

18

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Syvdsfjorden
Sandfjellegga, Blæja, Lisjeblæja og Ripsdalen.
Skoranipa, Sandegga, Trollkoppehornet og Storhornet.
På høgste punktet på turen ser vi Vikehornet langt der nede

Vikehornet

Kvifor gå denne turen?

Vikehornet ligg over Syvde sentrum med utsikt utover Syvdsfjorden. Du ser også det meste av fjella i Vanylven. Turen til Vikehornet frå Nordalen er ein lang tur, men går i lett og fint terreng.

Kvar i terrenget går turen?

Turen til Vikehornet startar fremst i Nordalen. Følg fjellvegen ca 3,3 km framover mot Kvanndalsvatnet, ca 500m før vatnet tek du til høgre opp sida mot Skoravatnet. Når du kjem opp til Skoravatnet kan du gå enten på sørsida eller på nordsida av vatnet og vidare over kanten til Sandfjelldalen på lavaste punktet. Derfra går du ned i Sandfjelldalen kor du tek til høgre og går nordover dalen og siktar på lavaste punktet mellom Sandfjellegga og Nyklen. Når du kjem opp hit ser du rett bort på Vikehornet. Her er du på høgste punktet på turen. Herifrå går du mot nordvest beint på toppen. Du må ca 200 hm ned på flata før Vikehornet og ca 100 hm opp til toppen. Etter kvart som det vårast går det å køyre lenger og lenger opp fjellvegen, og skituren vert tilsvarande kortare.

Kulturminne

Der har vore sætredrift på Nordalssætra ved Sætrevatnet, for meir info sjå boka 70 sætreturar på Sunnmøre.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr fv 652 til Syvde, ta av til Nordal på nordaustsida av Syvde sentrum, køyr så langt fram i Nordalen som det går.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass fremst i Nordalen, eventuellt parkeringsplassar ved fjellvegen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Ikke preparerte løyper 18
Lengde tur/retur (km) 18
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 300 20
Bratteste helning ned 300 20
Total stigning 1150 Høydemeter

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Kart

På tur i Vanylven, 1119 II, Sunnmorskart.no