Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Volda rundt - storrunda

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Total lengde rundtur (km)

28

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Rotsethornet
Hornet
Humbersetsætra
Melshornet
Niven/Ring
Koppefjellet, høgste punktet på turen

Volda rundt - storrunda

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

På denne turen tek du heile fjellrunda rundt Volda sentrum, frå Rotsethornet til Ring/Niven/Klepp. Ein fantastisk, men lang og dermed krevande tur. Her får du alt: enkelt terreng, klyving, god sti, dårlig sti, bratte bakkar, flate sletter, og heile vegen har du flott utsikt

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar på parkeringsplassen like før tunnelopninga ved Rotsethorntunnelen. Følg skilting til Rotsethornet. Det er bratt frå Kalsethola og opp til toppen; nokre parti med klyving der det er laga trinn og lagt ut kjetting, dette går fint for dei aller fleste. Frå Rotsethornet følger du stien vidare bakover, pass på å ta av mot Humbersetsætra ved stidelet Høgedalen/Humbersetsætra (N62° 07.213' E6° 06.993'). Stien er smal/svak, men den er god å sjå heile vegen. Frå Humbersetsætra går stien mellom sela, ta til høgre rett bak sela. Følg denne til du kjem opp på høgda (580 moh - N62° 06.809' E6° 08.630'). Her er det dårleg sti vidare til Hornet, så du må berre sikte deg inn mot toppen mot søraust. Frå Hornet følger du stien vidare til enden av ryggen. Du skal over på ein annan rygg mot sør. Du ser stien du skal inn på. Følg denne heile vegen ned og over til Vadsteinsætra. Frå Vadsteinsætra følger du stien til du kjem til ei mast. Herifrå til toppen av Koppefjellet er det berre tidvis sti. Det er best å følge ryggen på høgre side av dalen. I 700-800 m høgde kan du krysse over til ryggen på motsett side. Her finn du vatn for første gong på turen. Følg ryggen vidare opp til Koppefjellet. Tydeleg sti siste 150 høgdemetrane. Koppefjellet er høgste punkt på turen (940 moh).
Frå Koppefjellet går du vidare til Vatnenipa. Her kjem kanskje den vanskelegaste delen av ruta. Det er bratt ned Vatnenipa, men gi deg tid og sjå kvar trakket går så går det greitt å kome seg ned. Følg ryggen på god sti vidare. Frå første varden du kjem til og bort til bakken før Hestehornet, er det dårleg sti, så her må du berre sikte deg inn. God sti siste bakken opp til Hestehornet. Følg den bratte ruta/ryggen ned frå Hestehornet (du kan også gå ned den andre ruta til Krøvelsætra, men det er svært vått nedste del her). Når du kjem ned på vegen, ta til høgre, følg denne til du har hogstfeltet på høgre hand. Ta av til venstre ned i opninga i skogen (N62° 08.570' E6° 11.730'). Hald vestover til du kjem inn på stien som går der skiløypa går om vinteren (N62° 08.708' E6° 11.355'). Du skal passere under ei høgspentlinje. Følg stien til du kjem til parkeringsplassen ved Krøvelseidet/Vikebygdvegen (FV45). Her kan det vere lurt å ha eit depot med klesskift og mat. No skal du opp til Melshornet. Kryss FV45. Du skal følgje vinterruta (opninga rett oppover mot «Raudehytta» og vidare på sti) til høgda før siste sida opp til Melshornet. Her er stort sett grei sti, bortsett frå siste stykket, der er det ikkje sti. Når du kjem opp på høgda skal du sjå etter sti ute på høgre side. Det er god sti ytst på ryggen heilt opp til Melshornet (denne kjem opp frå Melssætra). Frå Melshornet følger du sti ned til Dinglavatnet, vidare ut til Vardehornet og til Niven/Ring og Klepp. God sti og godt skilta heile vegen her.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda sentrum, følg E39 i retning mot Stryn. Turen startar på parkeringsplassen like før opninga til Rostethorntunnelen

Kvar endar turen?

Turen endar øvst i Kleppevegen

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass der turen startar, ved tunnelopninga

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 20
Dårlig sti 8
Total lengde rundtur (km) 28
Stigning meter grader
Total stigning 2280 Høydemeter

Offentlig transport

Turen startar nær høgskulen/Volda stadion. Buss: frammr.no

Spesielle forhold

Lite tilgang til drikke første halvdel av turen. Du finn drikke først like før Koppefjellet

Kart

Sunnmørsalpane. Nærturkart Volda