Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sula

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

8

Lengde en vei (km)

4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Vonhytta

Kvifor gå denne turen?

Praktfullt utsyn mot Ålesund, Nordøyane og fjellheimen innover. På brua over Molværselva står Dei tre bukkene Bruse utskorne i tre. Opp ei lita kneik og ein kjem til eit flatt område, Gamlestølen på ca 200 moh.

Sulanissen har fått sitt eige hus litt vest for Gamlestølen. Her er det stor og populær samling for born og vaksne 1. søndag i advent.

Kvar i terrenget går turen?

Opparbeidd fjelløype, til dels noko steinete, men stort sett greit underlag. Litt stigning i starten før løypa flatar ut mot Molværselva og Gamlestølen.

Vonløypa held fram i jamn stigning forbi huset til Sulanissen. Vidare på bru over Steinelva. Knapt 400 meter etter denne gjer løypa ein skarp sving* mot sør. Trasèen går no i jamt stigande lende til Vonhytta, om lag 510 moh.

*Frå dette punktet går ei kort sideløype til Blåfjell, 344 m.o.h. Reidarvarden er heile tida det tydelege blikkfanget. Lønsam avstikkar, flott panoramautsyn mot Breisundet, Ålesund og Nordøyane.

Kulturminne

Dei fleste hyttene i området nedanfor Vonhytta kom opp i mellomkrigstida. Då fungerte framleis kabelheisa til Devold som vart brukt ved bygginga av demninga til Molværsvatnet.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Langevåg frilufts- og idrottspark ved Vassetvatnet.
Gode parkeringshøve ved klubbhuset til LIL.
Om lag 100 meter forbi Sula Ridesenter finn ein skilta startstad for Vonløypa

Kvar endar turen?

Vonhytta, ca. 510 m.o.h. Reist på dugnad av eldsjeler i Idrottslaget VON i 1934. Tilhøyrer i dag Langevåg Idrottslag. Ope kiosk alle «raude dagar» og overnatting etter avtale

Kvar kan du parkere?

Parkering ved klubbhuset til Langevåg IL, Vasset frilufts- og idrettspark

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 8
Lengde en vei (km) 4
Stigning meter grader
Total stigning 480 Høydemeter

Offentlig transport

Med buss til Langevåg sentrum, så ein ti-femten minuttars gange til Vasset frilufts- og idrettspark

Mobildekning

god dekning

Kart

Turkart Ålesund. Målestokk 1: 50 000