Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Ytre Strand til demningen i Brandal

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

14,6 km

Lengde en vei (km)

7,3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Ytre Strand til demningen i Brandal

Fotograf: Arild Henden

Kvifor gå denne turen?

: Dette er ein meir utfordrande tur frå Nordstranda til demningen/bomvegen i Brandal enn den vanlegare Brandalsråsa (rute 7+9). Startpunktet (ev. endepunkt) er på Ytre Strand og merka med skilt ved fylkesveg 2. Tek du denne turen får du med både den bratte oppstiginga frå sørsida og den flotte utsika over Vanylvsfjorden og bygdene rundt. Frå Nyklen har du over 180 graders utsikt over Fiskåbygda frå Lilleeide til Hundsnes. Frå Storehornet har du utsikt til fjella både i Nordfjord og den sørlegast delen av Sunnmøre + Stadt og øyane nord for Vanylvsgapet. Frå Storehornet går du på toppen av ryggen med stupet på ned mot Støylsvatnet på eine sida, så der bør ein syne varsemd. Frå fjellryggen går råsa ned forbi Haugevatnet og rundar på nordsida av Solihøgda og endar på anleggsvegen etter kraftverksutbygginga på slutten av 1940-talet. Denne vegen fylgjer du fram til bomvegen frå Brandal, med unntak av dei siste hundremeterane der vegen går på botnen av Børevatnet, der er det rås i terrenget.

Kvar i terrenget går turen?

Frå Nordstranda fyllgjer ein fyrst ein gards-/anleggsveg laga i samband med bygging av eit privat småkraftverk. Når vi forlet vegen, kan ein velje om ein vil fylgje den gamle støylsvegen eller den nyare råsa som folk og dyr har laga etter at at det blei slutt med storfe på fjellet. Eg har valt å gå ein del i den gamle stølsvegen og ein del i den nyare råsa. Dette er eit kort og nokså bratt parti av turen. Etter dette kjem det skiftevis med flatare og brattar delar av råsa før ein når toppen på Storehornet. Så går det slakt nedover langs ryggen før det går litt brattare nedover forbi Haugevatnet, og så slakare rundt Solihornet før ein kjem ned på anleggsvegen mot Brandal. Mesteparten av turen går langs ryggar og det er ope og tørt terreng.

Kulturminne

Garden der turen startar er ein del av garden Ytre-Strand som var lensmansgard på 1700-talet, og det var der bygdeopprøret mot futen Ole Alsing gjekk føre seg i 1759. Alsing var ein streng og upopulær fut som kom på kant med både storfolk og bønder. Han åtte mange gardar rundt om på Sunnmøre og i Romsdal, men hovudinteressa hans var jernverk og gruvedrift –den tids oljeindustri. Han dreiv gruvedrift på Fiskå og frakta malmen til Romsdal for å bruke den i smelteverka der. For å skaffe trekol til smelteomnane kjøpte han opp skogeigedomar i Romsdal. Fordi han meinte at han trong skogen, nekta han bøndene på Sunnmøre å kjøpe tømmer derifrå. Dette var det som utløyste klagene som førte til bondeopprøret på hausttinget 17.september 1759. Skrivaren greidde å roe det ned i augneblinken, men utover 1760-åra gjekk rettsaka mellom bøndene og Alsing. Det enda med at Alsing vart frikjend og fekk erstatning medan fem av leiarane for bøndene vart dømde til tukthus i Trondheim der to av dei døydde.
I jølet mot Ytrestrandelva kan du fylgje den gamle støylsvegen der det er opplagde murar for å lett/muleggjere oppstigninga av krøttera til støylen som låg oppe på Nuten. No er det berre murar att av støylshuset og fjøsen. I dette området var det og skore torv, og vi finn restar av ei torvhytte og vardar for løypestrengar. Løypestrengen vartbrukt til å frakte ned torv (og andre varer) til gardane nede i bygda. Etter kvart som bruken av fjellet minka, minka og bruken av løypestrengane og dei fleste forsvann då kraftlinjene vart strekte langs fjellsidene og kom i konflikt med løypestrengane. På turen over fjellet ser du fleire stader vernegardar som skulle hindre at dyra i gå ut for stup eller gå seg fast i bratt terreng. Den mest spesielle oppdagar du kanskje ikkje: På Nuten, innanfor restane av torvhytta, går råsa eit stykke på toppen av ein vernegard laga av stein og torv.
Anleggsvegen som du kjem ned på når du nærmar deg demningen, vart laga då dei regulerte mange av fjellvatna på halvøya i samband med bygginga av kraftverket i Sør-Brandal. Denne utbygginga var ferdig rundt 1950, og skaffa straum til bygdene i området. Det hadde vore «det mørke fastland» før den tid, med unntak av ein del små private kraftverk

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ytre Strand. Merka med skilt.

Kvar endar turen?

Demningen i Brandal

Kvar kan du parkere?

Ved demningen i Brandal er det bra med parkeringsplassar, men på Ytre Strand er det vanskelegare. Det kan vere plass til eit par bilar i samband med eit småkraftverk, elles må det parkerast i gardstun. Avtal med grunneigar.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 14,6 km
Lengde en vei (km) 7,3

Kart

Turkart for Vanylven