Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Ytrehornsnakken - Storevarden

Om turen

Gradering

Kommune

Hornindal (Sogn og Fjordane)

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

6,3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Fin rasteplass undervegs
Ytrehornssætra
Utsikt frå Storevarden
Kvitmerka rute (Hornindal rundt), men ta av her til Storevarden
Godt skilta ved start
Utsikt frå Ytrehornsnakken

Ytrehornsnakken - Storevarden

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Ytrehornsnakken er eit flott utsiktspunkt! I eldre tider var dette ein “veteplass”, så om det var fare på ferde, tende folk eld her oppe. Det er sett opp ei vetestove som er opa for alle.
Mange har Ytrehornsnakken som endeleg turmål, men det er lett og fint å gå vidare til Storetua dersom du ønsker ein litt lenger tur.

Kvar i terrenget går turen?

Følg stien frå startpunktet. Den er tydeleg heilt opp til Ytrehornsnakken, og det er nokre fine kvilepunkt undervegs.Ved punkt (N61° 58.562' E6° 30.369') er det ein benk der du har flott utsikt mot Grodås sentrum. Det er nokså bratt opp til Ytrehornsnakken, men ingen utsette parti å forsere.
Når du kjem opp til Ytrehornsnakken er det fint å gi seg tid både til å nyte utsikta, ta ein tur innom Vetestova og også besøke sætra som er her oppe.
Turen vidare til Storevarden er nokså lett. Du passerer sætra og går vidare i fin bjørkeskog. Stien følger "Hornindal-rundt"-ruta og har oftast kvite merke. Like før du kjem til Storevarden må du passe på å ta av til venstre. Litt utydeleg sti, delvis raudemerka ut til Storevarden. Flott utsikt mot Hornindalsvatnet!

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

- Vetestove på Ytrehornsnakken
- Bautasteinen på Ytrehornsnakken. Reist av bøndene på Ytrehorn i 1914 til minne om varden som i gamal tid var på Ytrehornsnakken.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda (E39): Like etter kirka og før du kjem inn til Grodås sentrum, tek du av på FV664 mot Otterdal. Køyr forbi campingplassen og JE Ekornes. Du kjem til eit kryss der det er skilt mot Ytrehornsnakken. Følg dette til startpunktet for turen. Her er det både skilt og kartoppslag.

Kvar kan du parkere?

Parker i området der turen startar

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 6,1
Dårlig sti 0,2
Lengde tur/retur (km) 6,3
Stigning meter grader
Total stigning 665 Høydemeter

Offentlig transport

Buss mellom Volda-Stryn eller Ålesund-Stryn. Gå av i Grodås sentrum og gå til start
Nettside til bussruter: http://frammr.no/

Spesielle forhold

Turen er ein del av Hornindal rundt og er stort sett godt merka med kvite malingsflekkar
http://www.hornindalrundt.no/