Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Mogleg streik på fem vidaregåande skolar frå fredag 24. mai

Over 200 lærarar ved fem vidaregåande skolar i Ålesundsregionen, står i fare for å bli tatt ut i streik komande fredag.

Les meir

Kommunestatistikk for 2019 er publisert

Årets utgåve av Kommunestatistikk er no tilgjengeleg. Det er utarbeidd ein PowerPoint presentasjon for kvar kommune der du kan sjå korleis utviklinga er på sentrale samfunnsområde. 

Les meir

Viktige datoar for lærlingar og instruktørar

Er du 1.års lærling eller instruktør?
Utdanningsavdelinga ber deg om å halde av datoen som er relevant for deg:

Les meir

Kva meiner du om forslag til nytt rutetilbod i Kristiansund og Averøy?

Møre og Romsdal fylkeskommune har etablert eit samarbeidsprosjekt med Kristiansund og Averøy kommunar med ein plan om eit nytt og betre kollektivtilbod frå og med 01.05.20. No inviterer fylkeskommunen kommunane og andre interessentar til å komme med innspel til forslaget som er ute på høyring.

Les meir

Feil melding sendt ut til alle søkarar til vidaregåande opplæring

Ved ein feil vart det i dag tidlig sendt ut ei melding på e-post og sms til alle som har søkt om skoleplass. Meldinga som skulle gå til ein mottakar, vart i staden sendt ut til 13 783 søkarar.

Les meir

Høyr oss! Ungdom frå Møre og Romsdal møtte statssekretær

Måndag denne veka møtte 12 ungdommar frå Møre og Romsdal og fire andre fylke Stortingsrepresentantar for å snakke om kva dei er opptatt av, og korleis ungdommane sjølve kan vere med å påverke saker dei meiner er viktige.

Les meir

Viktig! Hugs å takke ja til skoleplassen din innan 12. juli

Har du søkt om skoleplass for vidaregåande opplæring? I år blir det ikkje sendt ut svarkort og purrekort etter 1.inntaket. Det er derfor viktig at du som har søkt skoleplass ved ein av dei vidaregåande skolane våre hugsar å bekrefte plassen din slik at du ikkje mistar tilbodet. Du kan bekrefte skoleplassen din allereie no ved å legge inn førehandssvar på www.vigo.no.

Les meir

Både Trollstigen og Geiranger-Langvatn opnar for trafikk etter vintaren i morgon

Men følg med på vær og trafikkmeldingar, vegane kan bli stengt på kort varsel om dei ikkje kan køyrast på sommardekk.

Les meir

Reiseliv: Korleis utvikle lønnsame opplevingar?

I Møre og Romsdal er fire nye reiselivsprodukt eller opplevingspakkar under utvikling. Til sommaren vil dei første produkta vere klare for marknaden.

Les meir

Godkjende vallister til fylkestingsvalet 2019

Fylkesvalstyret godkjende i møte 13.05.2019 følgjande offisielle vallister:

Vallistene er i tillegg slått opp i resepsjonen på fylkeshuset.

Eventuell klage med krav om endring av fylkesvalstyrets vedtak må framsettes skriftleg for Fylkesvalstyret i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, Julsundvegen 9, 6412 MOLDE, innan 7 dagar etter at kunngjøringa har funne stad.

Les meir