Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Vil du vere praktikant i NORA – Nordatlantisk samarbeidsråd?

Arbeidsoppgåvene er knytt til sekretariatet si drift med m.a. prosjekt- og nettverksarbeid i det nordatlantiske området. Stillinga inneberer eit breitt spektrum av oppgåver, m.a. research og vurdering av prosjekt.

Les meir

Oppfordrer til forsiktig kjøring i teleløsningen

Vegvesenet ber trafikanter være spesielt aktsomme og forsiktige de nærmeste ukene, på grunn av vårløsning og sprekker og hull i vegdekket. Ikke minst bør syklister og motorsyklister være oppmerksomme på at vegdekket mange steder bærer preg av skader det har fått i vinter.

Les meir

Storkontrakt med Fjord1 Buss

Møre og Romsdal fylkeskommune har skrive under ein seksårskontrakt med Fjord1 Buss Møre AS om busstenester i Ålesund, Giske og Sula - til ein årleg verdi av vel 80 millionar kroner.

Les meir

Sel aksjeposten i Fjord1

Fylkestinget har med 32 mot 15 røyster godteke bodet frå Havila AS om kjøp av Møre og Romsdal fylkeskommune sin 41% aksjepost i Fjord1 for ein samla sum på 362,3 millionar kroner.

Les meir

Fylkesrådmannen går for sal av Fjord1-aksjane

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik rår til at fylkestinget godtek bodet frå Havila AS om kjøp av Møre og Romsdal fylkeskommune sin 41% aksjepost i Fjord1.

Les meir

- Er skapt viktige samarbeidsarenaer for utvikling av fylket

Gjennom foresightanalyser og tilhøyrande tiltak samhandlar kommunane, organisasjonane og næringslivet i Møre og Romsdal no betre og oftare enn nokon gong før for å sikre rekruttering og tilflytting til fylket. Dette kjem fram i den nye rapporten "Living and working in Møre og Romsdal", som vart presentert i dag.

Les meir

Gjøco AS overrekt prisen årets bedrift

Gjøco AS var overrekt prisen som årets bedrift 2011 då fylkestinget opna i Geiranger måndag. - Skal vi vere med i konkurransen, må  vi levere kvalitetsprodukt, understreka dagleg leiar Rolf Tage Gjøen.

Les meir

Fylkesting 11. - 13. april

Det er fylkesting i Geiranger 11. - 13. april. Mellom sakene til handsaming er: Vurdering av sal av aksjane i Fjord1, investeringsprogram fylkesvegar, ferjefri E-39, samt årsrekneskap og årsmelding for fylkeskommunen.  

Les meir

Ressursar og infrastruktur tema for Jazzgass 2011

Ressursar og infrastruktur blir tema under JazzGass 2011, som blir arrangert 19. juli. Olje- og energiminister Ola Borten Moe er invitert, og direktør Auke Lont i Statnett, direktør Bente Nyland i Oljedirektoratet og Thor Otto Lohne frå Gassco har alt meldt frå at dei blir mellom innleiarane.

Les meir

“Reiselivs SPOR” med aktivitet- og opplevingar

Møre og Romsdal som aktivitets- og opplevingsfylke vert tema i neste nummer av fylkesmagasinet SPOR. I samband med dette ønskjer vi å kartlegge flest muleg av dei ulike aktivitetar og opplevingar som vert tilbydd av små og store aktørar i Møre og Romsdal.

Les meir