Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > 1,13 mill kroner til utvikling av Sjøholt sentrum

Kontaktpersonar

Ingvild Gjerdset Ingvild Gjerdset
Arkitekt MNAL
71 28 03 44
Send e-post

1,13 mill kroner til utvikling av Sjøholt sentrum

Korleis kan Sjøholt utvikle eit vitalt og attraktivt sentrum? Arkitektteam skal gi forslag til sentrumsutvikling.

Sjøholt sentrum sett frå lufta. No ønskjer Ørskog kommune å utvikle tettstaden (foto: Ørskog kommune). 

Midlane som nyleg vart løyvd av regional- og næringsutvalet, skal gå til eit parallelloppdrag og ei tettstadanalyse av sentrum av Ørskog kommune. Bakgrunnen er eit mål om å utvikle kommunesenteret.

-  Ørskog skal utvikle sentrum, og då treng dei å finne ut kva moglegheiter som finst og undersøke alternative løysingar. Vi har ønska å støtte dette arbeidet, seier Ingvild Gjerdset, rådgjevar og arkitekt i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Mykje asfalt

I dag går E39 tvers gjennom Sjøholt sentrum og deler tettstaden i to. I den seinare tida har mykje av sentrumsaktiviteten flytta til sørsida av riksvegen, og denne er prega av asfalt, biltrafikk og er lite tilrettelagt for mjuke trafikantar, heiter det i sakshandsaminga.

- Når Ørskog blir ein del av Ålesund kommune om to år, blir dei endå tettare integrert i bu- og arbeidsmarknaden rundt Ålesund. Då er det viktig å spørje kva slags stad Sjøholt ønskjer å vere. Med gode grep kan Sjøholt bli eit vitalt senter for sitt nærområde, med trygge bu- og oppvekstmiljø, lokale bedrifter, service- og handelstilbod, gode møteplassar og miljøretta mobilitetsløysingar, seier Gjerdset.

Arkitektforslag

Kommunen vil engasjere to arkitektteam til å foreslå løysingar for sentrum, i eit parallelloppdrag. Metoden sikrar god medverknad og involvering av innbyggjarar, næringsliv og andre partar og gir fleire idear og løysingsforslag.

Som første kommune i fylket, skal Ørskog også i gang med ein sosiokulturell analyse, som mellom anna tek utgangspunkt i korleis folk brukar, oppfattar og tenker om tettstaden sin. Denne vil supplere ein tettstadanalyse som registrerer og kartlegg dei fysiske omgjevnadane.

Dette vil danne eit kunnskapsgrunnlag for ny reguleringsplan for sentrum og utbygging i framtida.

Pop-up kontor

Ørskog har tilsett ein prosjektleiar i 100 prosent stilling og nedsett ei arbeidsgruppe. I vår vart det opna eit pop-up kontor i sentrum for å få innspel til tettstadarbeidet.  Kommunen har også vore i dialog med næringsliv, politikarar, ungdomar og fleire andre om sentrumsutviklinga.

Sidan 2017 har kommunen delteke i Fylkeskommunen sitt tettstadprogram som jobbar for attraktive, inkluderande og berekraftige kommunesentra i Møre og Romsdal