Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > 1,33 mill kroner til nye Elnesvågen sentrum

Kontaktpersonar

Ingvild Gjerdset
Arkitekt MNAL
71 28 03 44
Send e-post

1,33 mill kroner til nye Elnesvågen sentrum

Arkitektteam skal gi forslag til sentrumsutvikling i Elnesvågen.

Elnesvågen vert sentrum i Hustadvika kommune. Tre arkitektteam skal gi forslag til sentrumsutvikling. (Foto: Finn Kjetil Viken)

Onsdag løyvde regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommunen 1 335 000 kroner til Fræna kommune til utvikling av Elnesvågen sentrum.

Ny kommune

- Det er lenge sidan det er gjennomført eit større arbeid med sentrumsutvikling i Elnesvågen. Med samanslåinga av Fræna og Eide kommune er det viktig at kommunesenteret framstår som framtidsretta, inkluderande og trygt, seier sakshandsamar og arkitekt, Ingvild Gjerdset, i Møre og Romsdal fylkeskomme.

Asfalt og trafikk

I saka heiter det at sentrum er prega av biltrafikk, store asfaltflater, lange avstandar og dårlege gangforbindelsar. Det er få plassar til leik og opphald.

No vil kommunen engasjere tre arkitektteam til å foreslå løysingar for sentrum, i eit såkalla parallelloppdrag. Dette er ein metode som sikrar ein grundig prosess med god medverknad og involvering av mange partar.

Grundig prosess

- Eit viktig formål med parallelloppdraget er at kommunen vil få fleire alternative løysningsforslag og at dei involverte partane får eigarskap til resultatet. Det er ein nøkkelfaktor for gjennomføring av prosjektet at både kommune, næringsliv og sivilsamfunn dreg i same retning, seier Gjerdset.

Oppdraget vil gå frå april til september 2018.

Elnesvågen sentrum sjøsida

I parallelloppdraget vil ein legge til rette for ei økonomisk, sosial og miljøvenleg bærekraftig utvikling. (foto: Ragnhild Aas)

Overskrift

I tillegg til fysisk utforming av torg og gater, skal prosjektet vise korleis ein kan legge til rette for ei økonomisk, sosial og miljøvenleg berekraftig utvikling. Oppdraget skal mellom anna sjå på sambruk mellom barneskule, idrett og kultur, og leggje til rette for god folkehelse og underbyggje kollektivtilbodet. I tillegg skal dei tre teama kome med forslag  til gjennomføring og trinnvis utbygging.

Prosjektleiar Ann Helen Rødal Dalheim frå Fræna næringsforum koordinerer og sørger for framdrift i prosjektet. Det er oppnemnt ei vurderingsgruppe med representantar frå mellom anna Fræna og Eide kommune som skal vurdere prosjekta undervegs og til slutt.

Kommunen deltek i Fylkeskommunen sitt tettstadprogram som jobbar for attraktive, inkluderande og berekraftige kommunesentra i Møre og Romsdal. Offentlege møteplassar, sambruk, gode bustadar for folk i ulike aldersgrupper, universell utforming og redusert miljøbelastning står sentralt. Tettstadprogrammet kan bidra med rådgjeving og støtte til prosessar og fysisk opparbeiding av t.d. torg og gaterom.