Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > 1,5 mill. kroner til kulturminne i Geirangerfjord verdsarvområde

Kontaktpersonar

Helge Aarset Helge Aarset
Rådgivar, overarkitekt
71 28 03 31
Send e-post

1,5 mill. kroner til kulturminne i Geirangerfjord verdsarvområde

Fylkesrådmannen foreslår å fordele 1,5 million kroner til viktige kulturminne i verdsarvområdet. 

Ei rekke kulturminne i Geirangerfjord får tilskot. (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Kultur- og folkehelseutvalet skal behandle saka den 7. mars.

-   Tilskota er viktige for å ta vare på kulturminna og formidle historia i fjordområdet, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Dei statlege verdsarvmidlane går både til fjord- og hyllegardar og til kulturminne som fortel historia om kystkultur og samferdsel inst i Storfjorden i tidlegare tider.

Desse prosjekta får støtte:

Øvsteløa på Skageflå
Skageflå med to bruk er kanskje den «hyllegarden» langs fjorden som har fått mest merksemd og har vorte mest kjend for eit stort og breitt publikum. Eit hjørne på grunnmuren i «Øvsteløa» er i ferd med å gli ut, og delar av ein terrengmur har rast ut. Murane vil no bli sette i stand.

Løa i Karlgarden i Verpesdal
Delar av løa har vorte mykje skadd i storm. Den søraustlege enden av bygningen står delvis utan kledning. Å sette i stand løa er viktig for å bevare den autentiske bygningen i seg sjølv og for å ta vare på eit intakt gardstun i Verpesdalen 

Kaihuset på Dale
Kaia har vore utan kaihus i fleire tiår. Å bygge opp at eit kaihus etter god dokumentasjon på storleik, form og utsjånad vil supplere eit verdifullt historisk kulturmiljø på Dale. Kaia på Dale vil føye seg inn i ein struktur langs verdsarvfjorden der kaihusa vil vere til nytte og formidling for publikum.

Løa på Litlesætra på Åkerneset
Stovebygningen på Litlesætra er på det næraste ferdigstilt. Å sette i stand løa vil vidareføre Storfjordens Venner sitt engasjement på Litlesætra. Løa fekk tilskot også i 2018. Med tilskot også i 2019 vil prosjektet vere fullfinansiert.