Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > 2185 etablerte bedrift i Møre og Romsdal i fjor

Kontaktpersonar

May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 28 03 47 /
Mob. 466 96 382
Send e-post

2185 etablerte bedrift i Møre og Romsdal i fjor

Etableringsiveren held seg stabil i fylket. Sjekk tala for din kommune.

Bergljot Landstad , regional- og næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, er glad for at talet på etableringar held seg stabilt.

Ferske tal frå SSB syner at 2185 gründerar skapte sin eigen arbeidsplass i Møre og Romsdal i fjor, hakk i hel på rekordåret 2016, då 2238 starta bedrift.

- Vi såg at oljenedgangen og den høge arbeidsløysa fekk fleire til å starte eiga bedrift. No når arbeidsløysa går ned, er det gledeleg å sjå at etableringsiveren ikkje fell, men held seg på same nivå, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Nye og unge bedrifter

Dei tre siste åra har det vore kring 2200 bedriftsetableringar årleg.

- Vi treng nye bedrifter og fleire arbeidsplassar. Vi veit at to av tre nye arbeidsplasser i Norge er skapt i nye og unge bedrifter, derfor er entreprenørskap ei viktig satsing for oss, seier Landstad.

Stor pågang

Etableringsiveren har vore merkbar for hoppid.no, som er Møre og Romsdal fylkeskommunen si gründerteneste i samarbeid med kommunane og Innovasjon Norge. Mange hoppid.no-kontor har opplevd at stadig fleire gründerar kjem innom kontoret for å spørje om råd og for å melde seg på etablerarkurs.

Blant kommunane er det særleg Ørsta, Volda, Giske,  Molde, Rauma, Sunndal, Smøla, Nesset som har hatt ei god auke frå året før. Av regionane er det Romsdal som har størst auke.

På landsbasis merker Møre og Romsdal fylke seg ut ved at bedriftene har jamt over lenger levetid enn landssnittet.

Statistikken for SSB gjeld nyetableringar, unntatt primærnæringar og eigarskifte.

Bedriftsetableringar 2015 2016 2017
1502 Molde 238 263 267
1504 Ålesund 440 483 444
1505 Kristiansund 238 227 221
1511 Vanylven 27 22 17
1514 Sande 18 9 16
1515 Herøy 76 77 59
1516 Ulstein 77 85 72
1517 Hareid 38 40 39
1519 Volda 78 70 78
1520 Ørsta 69 84 96
1523 Ørskog 24 16 20
1524 Norddal 15 21 5
1525 Stranda 39 41 27
1526 Stordal 9 12 5
1528 Sykkylven 48 51 48
1529 Skodje 32 44 39
1531 Sula 70 71 62
1532 Giske 60 57 65
1534 Haram 53 56 60
1535 Vestnes 44 62 65
1539 Rauma 54 68 72
1543 Nesset 22 16 31
1545 Midsund 6 8 10
1546 Sandøy 5 7 4
1547 Aukra 28 21 25
1548 Fræna 57 77 76
1551 Eide 23 26 24
1554 Averøy 56 43 37
1557 Gjemnes 17 19 18
1560 Tingvoll 20 22 22
1563 Sunndal 44 41 49
1566 Surnadal 54 38 33
1567 Rindal 8 4 11
1571 Halsa 13 10 15
1573 Smøla 14 19 23
1576 Aure 28 28 30
Møre og Romsdal 2 142 2 238 2 185
Landet 57 866 60 474 62 028
       
Kjelde: SSB