Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > 28 tidlegare barnevernsbarn fekk orsaking og økonomisk oppreisning for omsorgsvikt og overgrep

Kontaktpersonar

Åge Brekk Åge Brekk
Sekretariatsleiar
71 28 01 54 /
Mob. 900 99 298
Send e-post

28 tidlegare barnevernsbarn fekk orsaking og økonomisk oppreisning for omsorgsvikt og overgrep

Oppreisningsordninga avlutta: - Mange gir uttrykk for at det er ei lette å bli trudd og få fortalt om omsorgssvikten dei var utsette for i barnevernet, andre seier at ordninga kom for seint, seier Åge Brekk, sekretariatsleiar i oppreisningsordninga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Åge Brekk har vore sekretariatsleiar i oppreisningsordninga som no er avslutta. (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Ordninga der tidligare barnevernsbarn kunne søke om kommunal oppreisning for omsorgssvikt og overgrep, er no avslutta etter to år.  I følge sluttrapporten søkte totalt 31 personar om oppreisning, av desse 17 menn og 14 kvinner. 28 av søkarane fekk innvilga søknaden.

- Fleire søkarar har meldt tilbake at det var ei stor lette endeleg å kunne fortelle om det skrekkelege som dei hadde vorte utsett for i barndomen. Det verka positivt for dei å bli trudd av utvalet som representerte dei offentlege organa som hadde ansvaret for oppveksten deira. Ikkje minst var det viktig for dei at det offentlege til slutt tok ansvaret for den uretten som dei blei utsett for, seier seier Åge Brekk, sekretariatsleiar i oppreisningsordninga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les heile sluttrapporten her.

Økonomisk handsrekking

Ordninga i Møre og Romsdal og elles i landet vart oppretta etter det vart at avdekt klanderverdige forhold ved mange barnevernsinstitusjonar mellom 1940 og 1980. Målet var å uttrykke eit moralsk ansvar og gi ei orsaking til barnevernsbarna det gjaldt. I tillegg kunne dei få eit oppreisningsbeløp på høgst 400.000 kr. Beløpet skulle ikkje vere ei vedgåing av juridisk ansvar, men meir som ei ‘handsrekking’.

- Nokre ga uttrykk for at det å bli trudd var viktigare enn pengesummen dei fekk, seier Brekk.

Til saman blei 6.667.500 kr utbetalt i oppreising. Kommunane som plasserte ut barna har utbetalt 6.177.500 kr, medan fylkeskommunen har utbetalt 500.000 kr til fire søkarar.

Barna må ikkje overlatast til seg sjølve

I søknadane beskreiv dei tidligare barnevernsbarna korleis dei vart forsømte og utsette for fysiske overgrep.

- Det søkarane har opplevd understrekar kor viktig det er at barn og unge ikkje vert overlatne til seg sjølve, når det offentlege har omsorga for dei. Det må vere eit samfunnsansvar å verne dei mot mishandling og overgrep. Det må settast av  tilstrekkelege ressursar til å føre eit reelt tilsyn og kontroll med slike omsorgstilbod, seier Brekk.

Plassert på spesialskolar og barneheimar

Ordninga har vore eit samarbeid mellom fylkeskommunen og 30  kommunar i fylket og gjaldt opphald i barneheim og spesialskole. 

Av dei som søkte oppreisning, var 18 plassert på ulike barneheimar:

  • 9 på Sunnmøre barneheim/ungdomsheim
  • 4 på Solhøy barneheim
  • 2 på Bø-Nørve barneheim
  • 2 på Symra barnehjem
  • 2 på Husafjellheimen ungdomsheim.

13 av søkarane var plassert ved ein statleg spesialskole, utanfor fylket. Dei var i snitt 11 år då dei vart plassert på skolen, medan gjennomsnittsalderen til barna som vart plassert i barneheim var 6 år. Dei fleste søkarane var fødd på 1950-talet og blei plassert på institusjon på 1960- talet.