Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > 350 får beskjed om skoleplass

Kontaktpersonar

Anita Sæther Anita Sæther
Rådgivar
71 28 03 69
Send e-post

350 får beskjed om skoleplass

Rundt 350 søkarar til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal får i desse dagar tilbod om skoleplass for neste skoleår.

Det er elevar som har rett på fortrinn og individuell vurdering som får tilbod om skoleplass allereie no (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune).

Fristen for å søke om tidlig inntak til vidaregåande opplæring var 1. februar, og no er søknadane ferdig behandla. I løpet av veka vil omtrent 350 elevar få tilsendt tilbod om skoleplass for 2018/2019.

Dei som får melding om tidleg inntak er søkarar som har rett til fortrinn og ein del av dei som har rett til individuell vurdering i inntak til vidaregåande opplæring.