Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > 5,7 millionar kroner i støtte til friluftslivsformål

Kontaktpersonar

Petter Jenset Petter Jenset
Rådgivar friluftsliv
71 28 03 05 /
Mob. 922 34 244
Send e-post

Dokument

5,7 millionar kroner i støtte til friluftslivsformål

Kultur- og folkehelseutvalet har fordelt meir enn fem millionar kroner til ulike formål innanfor friluftsliv.

-Midlane er fordelt både til friluftslivsanlegg, tiltak og arrangement som stimulerer direkte til friluftslivsaktivitet, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Anlegg og aktivitet

- 3,3 millionar kroner går til utvikling av statleg sikra friluftsområde, der kommunar og friluftsråd står som søkarar. Dette kan for eksempel vere tiltak som opparbeiding av turstiar og parkeringsplassar, utbetring av badeplassar og bygging av toalett, seier Petter Jenset, rådgivar friluftsliv i Møre og Romsdal fylkeskommune.

1,78 millionar kroner er tildelt tiltak som stimulerer direkte til friluftslivsaktivitet. Her er det friluftsråd og frivillige lag og organisasjonar som kan få tilsegn. Midlane er fordelt til turarrangement, friluftsleirar, kurs og liknande.  

Fleire turgåarar gjev betre folkehelse

I tillegg vil fylkeskommunen utover våren fordele kr 600 000 til ulike enkle tilretteleggingstiltak som skilting, merking, klopping og grusing av turstiar rundt om i fylket.

-Det å få fleir til å gå meir på tur, er eit av dei enklaste og viktigaste tiltaka for ei betre folkehelse. Fylkeskommunen støttar derfor prosjekt som har som mål å leggje til rette turløyper nær der folk bur. Det skal bli stadig enklare for folk i Møre og Romsdal å finne seg ei løype som kan brukast i kvardagen, seier Jenset.

I menyen finn du oversikt over kven som har fått støtte.