Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > 522 000 kroner i prosjekttilskot til frivillig verksemd

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post

522 000 kroner i prosjekttilskot til frivillig verksemd

Kulturavdelinga har tildelt 522 000 kroner i prosjekttilskot for første halvår 2018. Nokre av prosjekta som har fått støtte er kultursti – Åsen i Surnadal, rabalderfestivalen 2018 og kunstprosjektet NåDa.

Foto: Terje Aamodt

- Da fristen var gått ut, hadde vi mottatt 104 søknader med ein samla søknadssum på 4,7 millionar kroner. Det store talet på søknader viser eit stort mangfald og høg aktivitet over heile fylket, fortel fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen

Tiltaka som får støtte må ha eit regionalt nedslagsfelt, og prosjekt som er utviklingsretta, nyskapande eller har ein overføringsverdi vil bli prioritert.

Formålet med ordninga er å styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande aktivitet og stimulere til frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i kulturlivet i fylket.

-Av søknadane vi fekk inn i denne runden, har vi prioritert ni spanande tiltak, seier Wedlog Olsen

Prosjekttilskotet for første halvår fordeler seg slik:

Prosjektnamn Søkar Tildelt
Summer dance school Molde Danseklubb (Noise) 50.000
Videreutvikling av stikkut.no Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal 50.000
Kultursti, Åsen i Surnadal Surnadal Kommune 180.000
Fornying Rutebilhistorisk Senter EFB, Ellingsøya Rutebilhistorisk Foreining avd Sunnmøre 25.000
Ta vare på og auke bruken av speidarrop Sunnmøre Krins av Norges KFUK-KFUM speidar 17.000
Storband for ungdom Volda skulekorps 20.000
Rabalderfestivalen 2018 Molde barnefestival AS 100.000
Kunstprosjektet NåDa Volda og Ørsta kunstlag 30.000
Etablering av Atlanterhavsuka på Smøla Atlanterhavsuka 50.000
 

Prosjekttilskot blir fordelt to gonger i året, og neste søknadsfrist er 1. september