Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > 72 millionar til 88 kulturorganisasjonar og –institusjonar i fylket

Kontaktpersonar

Hilde Hernes Hovland Hilde Hernes Hovland
Kontorsjef
71 28 03 01 /
Mob. 932 32 914
Send e-post

72 millionar til 88 kulturorganisasjonar og –institusjonar i fylket

Pengestøtta frå fylkeskommunen skal gjere det lettare for kulturlivet å tenke langsiktig og planlegge aktiviteten sin. Sjå kven som har fått støtte.

Atlanterhavsparken var blant dei som fekk støtte (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune fordelte nyleg driftstilskot til 88 kulturorganisasjonar i heile fylket.

-Gjennom driftstilskota bidrar vi til eit breitt spekter av kulturaktivitet og stimulerer til ny aktivitet og utvikling i fylket. Samtidig støttar vi opp om under kva kommunane prioriterer på dette feltet, og forsterkar rolla vår som regional samfunnsutviklar, seier leiar i kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter.

Betre levekår

Dei fylkeskommunale driftstilskota er delt inn i faste driftstilskot til dei store kulturinstitusjonane, treårig driftstilskot og eittårig driftstilskot. Det er også etablert ei eiga ordning for regionale festivalar og kulturarrangement.  

I 2018 vart det vedtatt nye retningsliner som understreker at også kommunane må bidra med finansiering til organisasjonane og institusjonane som får støtte.

I 2019 er det tildelt totalt omlag 72 mill. kroner i driftstilskot.

- Målet med pengestøtta er at kulturlivet skal få betre kår, slik at dei skal vere i stand til å planlegge fram i tid og ha føreseielege rammer, seier Nerås Krogsæter.

Første april er det søknadsfrist for eittårig driftstilskot på  500 000 kroner. Denne ordninga er for mindre frivillige organisasjonar.

 

 Faste driftstilskot  
Atlanterhavsparken kr        4 066 000
Interkommunalt arkiv  Møre og Romsdal kr        3 072 000
Møre og Romsdal kunstsenter kr        1 941 000
Moldejazz - husleigetilskot kr            786 000
Moldejazz - driftstilskot kr        2 557 000
Operaen i Kristiansund  kr        3 826 000
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv kr        1 865 000
Stiftinga Kulturkvartalet kr        1 850 000
Stiftinga Nordmøre museum kr        6 095 000
Husleigetilskot Romsdalsmuseet kr        2 700 000
Stiftinga Romsdalsmuseet kr        6 185 000
Stiftinga Sunnmøre museum kr        6 267 000
Teatret vårt – husleigetilskot kr        2 104 000
Teateret vårt - driftstilskot kr        6 546 000
VOFO - drift/sekretariat  kr            314 000
VOFO - rammetilskot studieaktivitet i studieorganisasjonane kr            837 000
 Treårig driftstilskot  
Det Frivillige Skyttervesen Mørekretsen kr            100 000
Forum for Natur og Friluftsliv kr            214 000
Norges Jeger- og Fiskerforbund Møre og Romsdal kr            230 000
Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal kr            230 000
Sunnmøre friluftsråd kr            630 000
Møre og Romsdal idrettskrets kr        2 288 800
Møre og Romsdal idrettskrets kr            572 200
4H Møre og Romsdal kr            106 000
Turistforeningene i Møre og Romsdal kr            300 000
Storfjordens Venner kr              35 000
Rutebilhistorisk Forening avd. Sunnmøre kr              30 000
Møre og Romsdal Husflidslag kr            325 000
Møre og Romsdal Folkemusikklag kr            100 000
Nordmøre Mållag, for mållaga i fylket kr              30 000
Vestlandsutstillingen kr            130 000
Seanse - senter for kunstprod, v/Høgskulen i Volda kr        1 200 000
Mediefondet Zefyr AS kr            500 000
Vestnorsk filmsenter kr        1 500 000
Ålesund Symfoniorkester kr            520 000
Romsdalsorkesteret kr              35 000
Møre og Romsdal musikkråd kr            450 000
NMF Nordvest (Norges Musikkorps Forbund) kr            520 000
Ensemble Dali kr            100 000
Kommunene i Møre og Romsdal kr        4 450 000
Høstscena (Ålesund teaterfestival) kr            450 000
Den Norske Matfestivalen i Ålesund AS kr            416 000
Sunnmøre kammermusikkfestival AS kr              35 000
RaumaRock kr            150 000
Naturfestivalen, Ørsta kr              40 000
Musikk i Molde domkirke kr              50 000
Norsk Vandrefestival, kr            100 000
Norsk Fjellfestival kr            150 000
Bjørnsonfestivalen kr            450 000
Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival AS kr            550 000
Fjord Cadenza Festivalen kr              70 000
Klangfestivalen kr              30 000
Smøla Nærings- og kultursenter/Fru Guri kr            180 000
Stiftinga Giskespelet kr              75 000
Stiftinga Herøyspelet kr            150 000
JazzåTeatret/ Lady Arbuthnot kr            200 000
 Eittårig driftstilskot  
Slekt og Data Møre og Romsdal kr              12 000
Norsk Forfattersentrum kr              65 000
Tempo kr              30 000
Fargespill Ålesund Kommune kr              75 000
Sunnmøre krets av Norges Speiderforbund kr              10 500
Romsdal og Nordmøre krets av Norges Speiderforbund kr              10 500
Sunnmøre Krins av Norges KFUK-KFUM speidarar kr              10 500
Norges Korforbund Nordmøre kr              15 000
Norges Korforbund Romsdal kr              15 000
Fortidsminneforeningen Møre og Romsdal Fylkesavd. kr              15 000
Møre og Romsdal Bygdekvinnelag kr              10 000
Molde Barnefestival AS (Rabalderfestivalen) kr            100 000
X2 Ski kr            100 000
Momentium kr            350 000
In2IT International Dance Festival v/Dance Link kr              30 000
Go whit the Flø kr              30 000
Dei nynorske festspela kr            150 000
Halsa historielag, Fosskonserten kr              25 000
Skjærvafestivalen AS kr              75 000
Laget Vårsøg kr            120 000
West Nordic International Film festival kr              50 000
Åram pluss kr              50 000
Nordic Light Events AS kr            550 000
Ålesund Båtfestival - G.A.D. Partner AS kr            100 000