Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > 824 søkarar har fått læreplass, men framleis er det fleire utan

Dokument

Lærebedrift brosjyre
PDF-dokument - 10,94 MB

824 søkarar har fått læreplass, men framleis er det fleire utan

Det er 1264 søkarar til læreplass, og ved utgangen av juni er det 824 søkarar som har fått læreplass. Dette er ei auke frå same tid i fjor. Delen av søkarar som har fått læreplass er jamt fordelt på dei fleste faga.

Det er framleis ei utfordring å skaffe nok læreplassar til alle som ønsker å bli lærling. Det er rett i underkant av 420 søkarar som enno ikkje har fått seg læreplass. Fleire av desse vil få seg læreplass i løpet av sommaren og hausten, men kvart år er det ungdommar som ikkje får læreplass. Ungdommane er avhengig av at bedriftene vil ansette dei og gi dei opplæring. Å ta inn lærling er både eit samfunnsansvar og ei moglegheit for bedrifta til å forme sin eigen fagarbeidar.

Kvifor bli lærebedrift?

 

Skreddarsy din framtidige medarbeidar

Ein lærling kan bli den medarbeidaren verksemda di treng. Når læretida er over, kan du, om du ønsker det, rekruttere ein medarbeidar som har vist dugleiken sin gjennom læretida. Den nye fagarbeidaren kjenner då verksemda godt og er produktiv frå første dag.

Lønnsam investering

Lærlingen bidrar til verdiskaping og blir stadig meir produktiv i løpet av læretida. Verksemda får også tilskot frå fylkeskommunen som skal dekke utgifter til opplæring.

Ny kunnskap inn i bedrifta

Lærlingordninga sikrar verksemda ny kunnskap, både frå lærlingen sjølv og gjennom kurs som instruktørar og faglege leiarar i bedrifta får. Dermed gir lærlingordninga kontinuerleg fagleg fornying i verksemda.

Sikre framtida for din bransje

Å utdanne fagarbeidarar og sveinar er med på å sikre nok faglærte i forhold til behova i åra framover. På denne måten viser verksemda samfunnsansvar og styrker omdømmet sitt. Å vere godkjent lærebedrift er eit kvalitetsstempel.

Les meir om å bli lærebedrift her.