Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Aasen er stolt over den fantastiske innsatsen i helgas redningsaksjon

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post

Aasen er stolt over den fantastiske innsatsen i helgas redningsaksjon

–Eg er stolt over å vere fylkesordførar i eit fylke, der så mange jobba i lag for å berge og ta vare på passasjerane på Viking Sky. Heile regionen stilte opp når det gjaldt, i det som er den største redningsaksjonen sidan Aleksander Kielland-ulykka, seier Jon Aasen.

Fylkesordførar Jon Aasen  er imponert over den fantastiske innsatsen og bedredskapsarbeidet som vart lagt ned i helga. Viking Sky i bakgrunnen.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Fylkesordføraren er imponert over den fantastiske innsatsen og bedredskapsarbeidet som vart lagt ned i helga. Aasen berømmer alle som bidrog, både kommunane Fræna, Kristiansund og Molde, nødetatane, næringsliv og ikkje minst frivilligheita som stilte opp på kort varsel.

Han skryter av innsatsen både til sjøs og til lands, for å berge og ta vare på passasjerane på cruiseskipet Viking Sky. –Hendingane i helga viser kor viktig det er at både kommunar, statlege og private samarbeider og er koordinerert, seier Aasen.