Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Aukande gjennomføring i vidaregåande opplæring

Aukande gjennomføring i vidaregåande opplæring

Nye SSB-tal for 2017 viser at det er stadig fleire elevar som gjennomfører og består vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal ligg over landsgjennomsnittet når det gjeld gjennomføring i vidaregåande opplæring.
Foto: Rune Hagen

For årskullet 2012 – 2017 er det 76 prosent av elevane som har fullført og bestått  opplæringa i vårt fylke. Det er ein auke på 0,4 prosentpoeng frå året før.

Utviklinga i gjennomføring i løpet av fem år har vore slik dei siste åra:

Årskull Fullført og bestått i Møre og Romsdal (prosent)

Fullført og bestått nasjonalt (prosent)

 

2009 - 2014 73,3 70,8
2010 - 2015 76,2 72,6
2011 - 2016 75,6 73
2012 - 2017 76,0 74,4

Kjelde: SSB

Det er fortsatt markant høgare gjennomføring på studieførebuande utdanningsprogram enn på yrkesfaglege utdanningsprogram. Det er 90,1 prosent av elevane på studieførebuande utdanningsprogram i vårt fylke som fullfører og består etter fem år, medan talet for yrkesfaglege utdanningsprogram er 63,4 prosent. Dei nasjonale tala for dette er 87,5 for studieførebuande og 60,3 for yrkesfaglege utdanningsprogram.

Av elevane som ikkje fullfører og består, er det seks prosent som fortsatt er i opplæring etter fem år. Fire prosent har gått opp til avsluttande eksamenar eller fagprøve, men ikkje bestått. Det er verd å merke seg at ein stor del av desse består opplæringa etter at fem år er gått.

-Dei som arbeider i skolane og i yrkes- og fagopplæringa har arbeidd godt og strukturert med å auke gjennomføringa over tid. Vi ser at dette gir gode resultat, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken.