Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Avspark i Ålesund for stor europeisk gründersatsing

Kontaktpersonar

Malene Aaram Vike Malene Aaram Vike
Prosjektleder
71 28 03 08 /
Mob. 918 93 231
Send e-post
May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 28 03 47 /
Mob. 466 96 382
Send e-post

Avspark i Ålesund for stor europeisk gründersatsing

Denne veka kjem deltakarar frå Spania, Belgia, Polen, England, Slovenia og Bulgaria til Ålesund for å gjere det lettare å starte bedrift i Europa. Møre og Romsdal sit i førarsetet.

Foto: Kristin Vestly, Møre og Romsdal fylkeskommune

I vår fekk Møre og Romsdal fylkeskommune om lag 15 mill kroner til ei satsing som skal forbetre gründertenesta i fylket og dei seks andre deltakarlanda. Det er første gongen fylkeskommunen leier eit større EU-prosjekt. 6. juni er det klart for første etappe, kick-off i Ålesund.

- Då skal vi sjå på kva hjelp gründerane får i dei ulike landa, og kva vi må gjere for å utvikle ei betre gründerteneste for alle, seier Malene Aaram Vike, prosjektleiar for det internasjonale prosjektet som har fått namnet OSS (One Stop Shop) i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Felles mål

Praksisen i landa er vidt forskjellig, men målet om nye arbeidsplassar er felles for alle involverte.

- Europa har færre bedriftsetableringar enn for eksempel Asia og USA. For å bli oppfatta som attraktive for tilflyttarar, må regionane tilby attraktive arbeidsplassar, gode bustadar og styrke gründerånda for å unngå at unge menneske flyttar, ikkje ulikt utfordringane vi møter i fylket vårt. Derfor vil vi utvikle ei betre gründerteneste for Møre og Romsdal saman med partnarlanda, seier Vike.

Gründerteneste frå A til Å

Når prosjektet er ferdig etter fem år, skal Møre og Romsdal saman med partnarane sitte igjen med ei betre verktøykasse for gründerhjelp. For hoppid.no vil dette mellom anna omfatte ei meir tilgjengeleg rådgivingsteneste, gode digitale løysingar, mentorhjelp og tilgang på kapital.

- Dette ei stor satsing på entreprenørskap.  Vårt mål er at gründeren skal finne all hjelpa han eller ho treng på sitt hoppid.no-kontor, seier May-Britt Roald, leiar for hoppid.no i fylkeskommunen.

På Kick-offen får deltakarane møte lokale gründerar, politikarar, gründerhjelparar frå kommunane, Innovasjon  Norge og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.  I lag sparkar dei i gang ei storsatsing for entreprenørskap. Alt skal skje på ÅKP Blue Innovation Arena på NMK, som er ei av dei største næringsklyngene i landet.

Gründerbyen

At Ålesund er startpunkt er ikkje tilfeldig:

- Som den største gründerkommunen i Møre og Romsdal, dannar Ålesund ei naturleg ramme for ein kick-off. Med all aktiviteten og det blomstrande næringslivet er det eit utstillingsvindauga, seier fylkesordførar Jon Aasen som får æra av å opne samlinga.

I tillegg til det faglege programmet, vert det omsyning i jugendbyen, tur til Aksla og båttur til Devold fabrikkar.

Les meir om prosjektet.

Kva er Interreg Europa?