Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Bokbåten Epos på ny seilas

Kontaktpersonar

One Marthe Jostad Vik One Marthe Jostad Vik
Bibliotekrådgivar
71 28 05 07
Send e-post

Bokbåten Epos på ny seilas

Snart kjem bokbåten til ei hamn nær deg: Epos legg til kai 55 stadar i Møre og Romsdal, fullasta med forfattarbesøk, verdens verste show og spanande eventyr.

Kjem bokbåten Epos til ei kai nær deg? Sjekk reiseruta! (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Turen startar i Tennfjord, Søvik og Grytestranda den 21. januar og fortset deretter langs fjordarmar og kyststrok i stort sett heile fylket. Heile ruta for Møre og Romsdal finn du her.

Forfattarbesøk og show

21.-25.01 har vi med oss gal mann på rett stad; forfattar og illustratør Reidar Kjelsen. Han har skrive og illustrert ein haug med bøker, og dei siste åra har han hatt rundt 4000 framsyningar på skular og bibliotek rundt om i landet. Reidar eig ikkje hemningar, og vi kan vente oss full fart og mykje latter når han fortel om dei slemme damene han har møtt, eller prøver seg på standup for dei minste.

Teatermakar Torunn Tusj mønstrar på med forteljingar om Askeladden frå 28.01-01.02. Ekstra morosamt blir det når ho brukar overraskande rekvisittar, som både vil engasjere og forundre publikum. Mykje spanande kan skje når Torunn kjem om bord på Epos.

Teikneserieskapar, forfattar og redaktør Marius Horn Molaug presenterer Verdens verste show frå 04.02-08.02. Han har skrive barnebøkene i serien Verdens verste, og har brukt sine eigne opplevingar frå barndommen som inspirasjon. Showet inneheld opplesing frå bøkene, tøysete teikningar på skjerm og dialog med ungane. Moro for alle!

Bøker for landkrabber

I tillegg til vanleg utlån, kan skolar og barnehagar låne bokkasser, boksekkar og temasekkar. Vi vil oppmode skular til å bestille bokkasser på førehand. Privatpersonar kan låne bøker og levere dei tilbake til kva bibliotek som helst i heile landet, eller behalde dei til  neste bokbåtbesøk.

Bokbåten Epos blir i dag drifta i eit samarbeid mellom fylkeskommunane i  Hordaland og Møre og Romsdal.