Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Byen som regional motor: nye millionar til byutvikling

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
91 17 77 24 / Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

Byen som regional motor: nye millionar til byutvikling

No kan det bli leikeplass i Byparken i Ålesund, innandørs skateanlegg i Molde og gratis sundbåt (prøveprøveprosjekt) i Kristiansund. Sjå alle prosjekta som får støtte.

Pilotprosjekt gratis sundbåt i Kristiansund er eitt av tiltaka som er foreslått støtta. Foto: Ingvild Dverseth Sæter. 

Fylkeskommunen løyver 26,6 mill. kroner til gode utviklingstiltak i byane gjennom prosjektet Byen som regional motor. Regional- og næringsutvalet behandla saka i går, måndag 6. mai. 

Ålesund

Ålesund har blant anna søkt om å få på plass ein prosjektleiar for tre år. Dette tiltaket blir støtta med 1,5 mill. kroner.

«Prosjektet BRM er eit viktig byutviklingsprosjekt for Ålesund. Midlar frå fylkeskommunen løyser også ut midlar frå kommunen og andre samarbeidspartnarar som gjer det mogleg å sette i verk tiltak. Vi ser at kapasitet er eit hinder for å få gjennomført tiltaka så raskt og godt som vi ønskjer. Ålesund kommune vil tilsette lokal prosjektleiar for Byen som regional motor-arbeidet, i heil stilling over tre år» heiter det i saksframlegget.

I Ålesund får desse tiltaka støtte:  

Tiltak Samla kostnad Kommunen og eksterne Møre og Romsdal fylkeskommune
Kiperviktorget , bygging 6 000 000 4 200 000 1 800 000
Leikeplass i Byparken 1 851 000 1 201 000 650 000
Parken ved Bybadet, plan- legging og bygging 2 336 000 1 486 000 850 000
Parkeringsstrategi 1 500 000 750 000 750 000
Leikeplass/ møteplass Aspøya 3 000 000 2 000 000 1 000 000
Prosjektleiar BRM 3 000 000 1 500 000 1 500 000
Prosjektleiar byrom 3 000 000 1 500 000 1 500 000
Betre kunnskap om biltrafikk i interesseområder 1 500 000 820 000 680 000
Teknologistøtta samfunnsplanlegging 3 000 000 2 000 000 1 000 000
Sum 25 187 000 15 457 000 9 730 000

 

Molde

Innandørs skatepark og samanknyting av sentrum og kjøpesentra er blant tiltaka som er foreslått støtta i Molde. Smartby-tenking og berekraft ligg også høgt oppe på tiltakslista, blant anna eit treårig smartby-prosjekt. Dette tiltaket blir støtta med inntil 2 875 000 kroner.

I Molde får desse tiltaka støtte: 

Tiltak Samla kostnad Kommune og ekstern finansiering Møre og Romsdal fylkeskommune
Smartby-satsing 5 750 000 2 875 000 2 875 000
Smartbyprofil, verifisering indikatorer 250 000 125 000 125 000
Samanknyting Molde sentrum og kjøpesentra 3 500 000 1 750 000 1 750 000
Molde Idrettspark, innandørs skateanlegg 3 450 000 2 450 000 1 000 000
Innbyggjarlab, foajeen Rådhuset 1 000 000 500 000 500 000
Gang- og sykkelbru over Moldeelva 5 000 000 4 000 000 1 000 000
Aktiviteter i Molde sentrum 3 000 000 1 700 000 1 300 000
Sum 21 950 000 13 400 000 8 550 000

 

Kristiansund

Kristiansund ønskjer å finne ut om fleire vil bruke sundbåten viss den er gratis. Det har vore prøvd før, men berre på einskilde dagar. No vil dei prøve ut korleis det går dersom båten er gratis alle dagar i ein periode.

«Undersøkingar viser at det ikkje berre er pris som er det viktigaste for kollektivkunden, men eit godt tilbod. For låge prisar kan også kome i konflikt med mål om større gange- og sykkelandel. Dersom sundbåten skal vere gratis i rushtida, blir dette kanskje eit «usosialt» tiltak fordi det blir eit tilbod for dei vaksne som har fast inntekt. Vi meiner derfor at det bør vere gratis sundbåt for alle brukarar heile dagane under denne utprøvinga» står det i saksframlegget.

I Kristiansund får desse tiltaka støtte: 

Tiltak Samla kostnad Kommune og ekstern finansiering Møre og Romsdal fylkeskommune
Forprosjekt, parker- ingsanlegg i fjell, boligsoneparkering 800 000 400 000 400 000
Vidareføring Carolines Plass, Rådhusplassen, Gågata, Kongens Plass, Vågen 8 000 000 6 000 000 2 000 000
Bykoordinering 700 000 550 000 150 000
Vidareføring Fotobyen Kristiansund 2 400 000 1 400 000 1 000 000
Forprosjekt mobilitet 700 000 515 000 185 000
Gang- og sykkelstiar mot sundbåtanløp og busshaldeplass 3 000 000 2 100 000 900 000
Gratis sundbåt, pilotprosjekt 1 400 000 700 000 700 000
Vidareføring sykkel 8 000 000 6 500 000 1 500 000
Påkobla Kristiansund, smart bruk av teknologi 4 500 000 3 015 000 1 485 000
Sum 29 500 000 21 180 000 8 320 000

Klikk her for å lese heile saksframlegget

Prosjektet Byen som regional motor har som mål å utvikle attraktive, urbane sentra i byregionane som skal gjere det meir attraktivt å bo i byane og omlandet. Næringslivet støttar også denne satsinga, då attraktive byar gjer det meir interessant for tilflytting til byane og regionane.