Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Delar av Ålesund sentrum blir stengt for busstrafikk i sommar

Kontaktpersonar

Svein Ivar Aarskog Svein Ivar Aarskog
Fagleg ansvarleg buss
71 28 02 51 /
Mob. 992 48 572
Send e-post

Delar av Ålesund sentrum blir stengt for busstrafikk i sommar

Med Ålesund Live 15. og 16. juni, startar festivalsommaren i Ålesund. Deretter kjem båtfestivalen, Nordic Escape og matfestivalen. Under festivalane blir delar av sentrum stengd for busstrafikk, enkelte busshaldeplassar blir ikkje betent.

Under festivalane i juli og august blir enkelte gater i Ålesund stengd for biltrafikk og bussane må køyre alternativ trasé. 

Alle FRAM-bussar frå spor 5 under Ålesund Live

Fredag 16. juni og laurdag 17. juni frå kl. 17.20 og ut kvelden vil alle bussar med avgang frå rutebilstasjonen i Ålesund gå frå spor 5 oppe ved hovudvegen (Keiser Wilhelms gate).

I denne perioden kan ikkje bussane køyre inn på terminalområdet då innkøyringsområdet disponerast av Ålesund Live.

Alternativ trasé i juli og august

Under festivalane i juli og august blir enkelte gater stengd for biltrafikk og bussane må køyre alternativ trasé. For å gjere det mest mogleg oversiktleg for publikum, vil bussane i sentrum køyre ein alternativ trasé i heile perioden frå Båtfestivalen startar til Matfestivalen er over.

For å gjere det enklare å vite kor tid bussen køyrer alternativ trasé, køyer Fram «sommartrasé» frå 8. juli til og med 26. august. Bybussane til Ålesund sentrum som brukar St. Olavs plass (linje 602, 604, 606, 626, 634, 641 og 642), vil i staden køyre ruta Kipervikgata, Korsatunnelen (same busstider som St. Olavs plass), Ålesund rådhus, Apotekergata.

I same periode vil heller ikkje Dronning Sonjas plass vere betjent. Bussane vil i staden gå frå Ålesund rådhus.

Under båtfestivalen og i perioden 18. - 26. august vil ikkje rute 250, flybussrute 651, 652 og FRAM Ekspress rute 100 køyre til/frå Skateflukaia.

Det vil bli satt opp merking på busstopp som ikkje blir betjent i sommarperioden.