Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Desse kunstnarane fekk stipend

Kontaktpersonar

Camilla Wiik Camilla Wiik
Rådgivar
71 28 03 09 /
Mob. 906 74 399
Send e-post

Desse kunstnarane fekk stipend

Siri Skjerve, Astrid Overaa, Heidi Rødstøl, Lena Nymark, Trygve Nielsen, Charlotte Kirkebø Riise og Raymond Cerrado Knutsen fekk tildelt kunstnarstipend for 2019 i dag. Totalt delte fylkespolitikarane ut 800 000 kr.

Skodespelar Astrid Overaa fekk arbeidsstipend på 200.000 kr. Her frå framsyninga Lillye Valentin (foto: Teatret Vårt).

- Med kunstnarstipenda får kunstnarar høve til å fordjupe seg i større prosjekt. Vi meiner desse bidreg til å styrke Møre og Romsdal som kulturfylke, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur- og folkehelseutvalet.

Gir økonomisk handlingsrom

 Det er første gong Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut to arbeidsstipend på 200 000 kr, i tillegg til ordinære kunstnarstipend. Arbeidsstipenda skal bidra til å gi kunstnarar større økonomisk handlingsrom og ro til å utvikle kunsten sin.  

 Då søknadsfristen gjekk ut, var det totalt 64 søkarar. Dei sju kunstnarane som har fått tildelt stipend for 2019 er:

Arbeidsstipend:

Visuelle kunstartar – stipend på 200 000 kroner:

 Siri Skjerve

Scenekunst – stipend på 200 000 kroner:

 Astrid Overaa

 

Andre stipend:

Visuelle kunstartar:

 Heidi Rødstøl, 75 000 kroner 

Musikk:

Lena Nymark, 60 000 kroner

Litteratur:

Charlotte Kirkebø Riise, 85 000 kroner

Film:

Trygve Nielsen, 70 000 kroner

Scenekunst:

Raymond Cerrado Knutsen, 110 000 kroner